Då har tre dagar rast avgårde og vi er tilbake i Brisbane etter ei herlig helg i Melbourne. Sidan mamma reiste har eg hatt litt heimlengsel, men etter at vinden som traff meg i Melbourne kjentes ut som den samme som treff deg når du går ut av flyet på Vigra (Ålesund), kjente eg at eg godt kan klare eit par månadar til i varme Brisbane.
Vi ankom seint fredag, sidan eg hadde obligatorisk aktivitet på skulen fram til kl 1600, og møtte ei heilt fantastisk fin leilighet i Melbourne.
Turen vi gjekk starta i "The Block Arcade" på "Heigh's Chocolates", der vi fekk litt informasjon om sjokolade generelt og fekk den fyrste smaksprøva.
Før turen kunne starte måtte alle ha på seg klistermerke med teksten: "I'm a chocoholic". Egil ville helst ha eit merke med: "I'm living with a chocoholic", men sidan dei ikkje hadde det måtte han fake chocoholic i nokre timar.
Guiden fortel om dei første smaksprøvene.
Vi fekk to melkeplettar; ein mørk og ein lys (til venstre). Desse kunne etast separat (veit du kvifor ein du burde ete først?) eller som sandwich. Sidan ho hadde så mange fekk vi ei ny runde før vi fekk den beste biten; ein "sparkling truffle" med champagne.
Før neste sjokoladestopp gjekk vi innom ein te-butikk som hadde trekt tre typar te som vi kunne smake på. Sidan han hadde høyrt at vi var glad i søtt fekk vi smake på tre (veldig) søte te-typar. Vi fekk så klart også utlevert sjokolade som skulle etast i lag med teen. Sidan desse var innpakka valgte vi å spare dei til seinare (teen var meir enn søt nok).
Neste stopp var "Cacao", der vi blei møtt med ein godbit av sjokolade og hasselnøtter.
Det neste som stod på menuen var ein sjokolade-shot. Denne var veldig god, men også veldig søt.
Her var det også mogleg å kjøpe sko og forskjellige dyr laga av sjokolade.
Til slutt stoppa vi på "Koko Black". Her fekk vi forklart korleis dei lagar sjokolade før vi fekk smake på ein trøffel med aprikos.
Kokken brukte til vanleg å lage baileys sjokolade, men hadde med eit uhell tilsett litt for mykje baileys denne gongen. Dette sparte han til oss slik at vi fekk smake. Og vi hadde nok ikkje trengt mange slike før vi måtte ha latt bilen stå, for å seie det slik!
Etter all denne mektige sjokoladen blei vi endelig tatt med til ein cafè der vi fekk kvar sin kaffe.
Men på ein slik tur var det så klart ikkje nok med berre kaffe, så vi fekk ein spansk dessert som var noko kjeksgreier med kanel, sjokolade, melis og sjokoladesaus på. Ikkje eg klarte å ete opp dette ein gong! Det hadde blitt nok sjokolade for i dag og eg er glad for at dette var ein storbytur med mykje gåing.
Vi kunne ikkje gå tomhendt frå alle sjokoladebutikkane når vi fekk rabatt på heilt utrulig god sjokolade! Vi kjøpte "dark chocolate covered roasted coffee beans" (som er heilt utrulig godt! Dei smaker som moccabønner, berre veldig (veldig) mykje bedre, og med ekte kaffebønner.), "Rocky Road, dark chocolate" og nokre trøfflar. NAM!
Etter all sjokoladen tok vi turen til Direct factory outlet, som er ei kjøpesenterkjede med kun outlet butikkar (forøvrig den samme kjeda som vi var på her i Brisbane når mamma var på besøk og vi kunne fylle heile senga med nyinnkjøpt stæsh). Her handla vi litt treningsklede frå nike og litt diverse anna.
Etter ein god dusj tilbake i leiligheta gjekk vi ut for å ete middag. Vi hadde begge lyst på lam, så då blei det gresk. Dette var ein relativt stor restaurant, der ting kanskje gjekk litt fort i svingane, men maten var god.
Kosar meg med god vin medan eg ventar på maten.
Egil godt i gang med middagen som bestod av grilla lammespyd,
salat, tzatziki og chips (vi er ganske lei av at ALLE (vertfall dei fleste) restaurantar serverer alle rettar med chips, men med mykje salat klarer vi oss utan det meste av den).
I Melbourne ligg det høgaste offentlege utkikkspunktet på den sørlige halvkule (297,3 m), så hit måtte vi så klart ta turen. Vi kjøpte toturs billett, som vil seie at vi kunne reise opp to gongar i løpet av samme dag. Etter ein god frukost i leiligheta tok vi den fyrste turen opp.
Egil viser veg.
Eg filma deler av turen opp, som tilsammen tok 36 sekund.
Etter den fyrste turen opp i tårnet tok vi city loopen til Queen Victoria Market, som er eit stort marked med over 1000 boder.
Denne city loopen er gratis og går rundt sentrum av Melbourne, og gir informasjon om dei forskjellige stoppa undervegs.
Queen Victoria Market, avdeling C.
Dette viser ein liten del av det store markedet. Dette er avdelinga med klede og leiker. Der var også ei avdeling med frukt og grønt (og ei eiga for organisk frukt og grønt) og ei ferkvareavdeling (med brød, ost, biff, kylling, fisk... you name it!).
Etter vi hadde rusla rundt ei stund bestemte vi oss for å gå tilbake til leiligheta og lade opp litt før solnedgang og ny tur opp i Eureka Tower.
Litt energipåfyll: mandarin (faktisk mandarin og ikkje klementin), druer, kvar sin liten bit med sjokolade, som vi hadde spart frå chocoholic-turen, og te.
Solnedgang frå Eureka Tower.

Egil nyt utsikta.
Etter siste tur opp i tårnet gjekk vi ut for å ete middag. Vi gjekk oss på Chill On og valgte og ete middag her. Vi bestilte mange smårettar og koste oss. Denne restauranten tilbyr også besøk i Melbournes kaldaste bar, nemleg ein isbar. Litt prega av heimlengsel tok vi turen inn i -10 grader og koste oss med kvar sin drink. Men 20 minutter var nok, og no skal vi nyte den deilige sola her før det blir vinter igjen heime i Norge.
Vi valgte å rusle tilbake til leiligheta, men måtte så klart ta bilete av det som skulle vere ein ekstraordinær stor måne.
Medan vi stod å tok bilete av månen kom der nokre hyggelige folk forbi og spurte om dei skulle ta bilete av oss, og vi tenkte at kanskje bloggleserane ville sjå oss saman (ikkje så altfor mange bileter av det til no).
Vi prøvde å ta tidleg kveld sidan Egil skulle opp kl 0500 for å sjå Molde-Aafk (noko som ikkje endte heilt ønskelig), og vi skulle tidlig opp fordi vi hadde ein bumerang-avtale. For sjåerar av tv-programmet
Golden Goal (slik som Egil) kan dei kanskje huske at Henrik Elvestad ein gong besøkte Bruce i
Glenroy utanfor Melbourne
. Han har vunne fleire meisterskap i bumerang og er virkelig ein bumerang-entusiast. Han kom å henta oss på toget og tok oss med heim til han og kona (og hunden og katten). Der fekk vi ein gratis time med opplæring. Dette var utrulig artig og vi klarte begge å ta i mot bumerangane (på nokre av kasta). Vi var litt uheldig med vinden, men Bruce ville likevel vise oss korleis vi kunne kaste. På denne måten ville det bli enklare for oss ein anna gong når vi skulle kaste i vindstille forhold (heime i Norge!?). For dei som ikkje huskar, eller har sett Golden Goal, ligg der ein video ute på YouTube frå besøket med Bruce:
Golden Goal boomerang with Bruce Carter.

Australian Boomerang Throwing Coach.
Ein konsentrert Egil følg godt med. Hunden var begynt å bli gammal, men elska å hente bumerangane som ikkje kom tilbake til eigaren.
Han hadde utrulig mange bumerangar og vi fekk prøve fleire av dei.
Etter litt over ein time ute på marka gjekk vi inn og hilse på kona, og kjøpte oss eit par bumerangar. Egil fekk også ein eigen med Bruce sidan dei blei nokså gode kompisar.
Etter turen til Glenroy tok vi toget tilbake til byen der vi åt lunsj "the Melbourne way". Vi fekk inntrykk av at folka i Melbourne likte lange lunsjar, helst på ein cafè med god te og mykje kake. Det var ein plass vi hadde sett oss ut i løpet av helga der det alltid var kø for å få bord og denne dagen hadde vi tid til det.
Hopetoun Tea Rooms.
Sjølv etter ei helg fyllt med sjokolade blei vi frista av dette vindauget, men kven blir ikkje det?
Chocoholic som eg er åt eg "chocolate berry cake", medan Egil åt gulrotkake.
Som dykk kanskje har skjønt, ut i frå bekledninga vi har i desse bileta, var det kaldt i Melbourne. Det var difor deilig å stige ut av flyet i Brisbane og møte den varme lufta i går kveld.
Heilt greit å kome tilbake til Brisbane når dette vêret er meldt heile veka. Det er vel greit å ta seg litt fri frå skulen for å nyte sola eller?
I dag var eg tilbake på skulen, og etter all den søte maten i helga tok vi oss ei treningsøkt, når eg hadde fått nok av lesesalen, før vi hadde Egil's delicious omelet til middag/kvelds.
Snakkast!