18. mai 2012

Med bunad i Australia

Gratulerer med dagen som var i går! Den blei så klart feira her i Brisbane også. Vi starta dagen med å hoppe på bussen som gjeng inn til byn, der vi fekk litt ulike blikk, sidan vi faktisk hadde på oss bunad. Vi valgte å ta dei med frå Norge fordi vi syns dei er veldig fin og ville så klart vise dei fram.

Etter sal av flagg på QUT (Queensland University of Technology) starta toget kl 1030. Opplegget på dagen var det studentorganisasjonen NorSK som stod for, og dei hadde ordna det slik at politiet eskorterte toget gjennom nokre av Brisbane sine gater. Det vart estimert ca 600 i toget, både unge og eldre, norske og internasjonale.


Toget, med politibil i front. Fleire politi-motorsyklar var der også, for å sperre av gatene etterkvart som toget gjekk. Fana hadde tittelen: "The Norwegian Club of Queensland". Der var også eit lite "korps" på omtrent fem stk som spelte medan vi andre sang.

Ulike typer bekledning var å sjå denne dagen: typisk norsk strikkagenser, russebukser, sommerkjolar, dress... Her: ein pappa med bunad og ein son med NORWAY t-skjorte.

Tilbake ved QUT stod "kongen og dronninga" og vinka medan korpset spelte.

Vi fekk mykje skryt av dei fine bunadane våre. Når vi stod i sola blei det relativt varmt og eg var glad for at eg hadde lagt igjen capen heime. Men vi koste oss så klart med sol på 17.mai!

Mannen til venste glømde heilt av å introdusere seg sjølv, men det var ikkje tvil i at han var glad i Noreg. Eg trur han har flytta til Australia og stifta familie her. Han fortalte om Noreg si historie (rundt 17. mai feiringa) og sang alle dei tre nasjonalsangane Noreg har hatt. Etterkvart kom også sonen opp på scena og blei med på sangane. Han hadde lært seg norsk, sikkert frå sin far sidan han tilbyr norskkurs for dei som er interessert.

Nokre av "Brisbanes beste menn" hadde samla seg for å lage kor, og jammen sang ikkje dei heile tre vers av nasjonalsangen.

ENDELIG var det på tide med vaffler. Vi vurderte pølse også sidan det var 17.mai, men sidan dei ikkje kunne friste med Gilde pølser blei det kun vaffler. Men gleda var diverre kortvarig. Ganske rett etter dette bilete vart teken kom det en fugl og tok vaffla mi! Det var det sjukaste! Eg skulle til å ta med ein bit av det som var nesten ei halv vaffel (altså det som tilsvarar omtrent TO heile hjarter), då ein fulg kom bakan i frå, la ein vinge over det som kjentes ut som heile hovudet mitt, tok tak i vaffla med beina og flaug avgårdet. Eg skjønnar ikkje heilt korleis den klarte det, men eg sat iallefall igjen utan vaffle og såg at fulgen hadde festa eit godt grep rundt den medan den flaug vidare. (Kanskje mamma kan lage vaffler når eg kjem heim? Typen grov, med kesam og heimelaga jordbærsyltetøy? Det hadde iallefall vore supert!)

På kvelden hadde ANSA (Association of Norwegian Sudents Abroad) arrangert festmiddag på Shafston Hotel. Då bytta vi frå bunad til litt lettare bekledning, og tok båten for å bli med på middagen. Dette endte opp som ein fest for både norske (og internasjonale) studentar.

God og mett, på veg heim frå 17.mai-middag, med the Story Bridge i bakgrunnen.

Det var mykje god mat å velge mellom. Dette er kun dei kalde rettane.

Og heldigvis for meg: der var også mykje dessert. Det som falt best i smak (og som ikkje viser på bilete) var ei kake med sjokoladekake og krem lagvis der kremen smakte kaffe. NAM!

 Håper alle hadde ein fin 17.mai. Snakkast!

4 kommentarer:

  1. Gratulerer med overstått dag!
    Godt å sjå at ein kan ha ei så flott feiring utanfor landegrensene også;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, Ingunn. Eg såg ein gjeng som hadde lagt ut bileter frå Auckland også, så det blir nok feiring på deg neste år sjølv om du ikkje er heime i Noreg.

      Slett
  2. Hihi, prøva å lese vaffel-historia di uten å flire, men klare ikkje :) ser for meg uttrykket ditt og heldige Egil hvis han fikk sjå på det. Kan godt lage vafle til dåkke - kjem vel stor-måsen da hvis det skulle komme ei anledning der oss kunne ver ute. Kos dåkke! :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Haha. Ja, eg visste ikkje om eg skulle flire eller grine. Det var eigentleg ganske komisk heile greia (og då sparte eg meg jo for dei kaloriane). Eg hadde tenkt å foreslå at vi skulle sete inne og ete vaffler (for å vere på den sikre sida), men blir det sol og fint trur eg at eg må ta sjansen på å sete ute.

      Slett