Då har skulen så vidt byrja. Denne veka arrangerer skulen, University of Queensland (UQ), orienteringsveke (O-week). Dette er ganske nyttig, med mykje informasjon for alle nye på universitetet. Dei har nokre obligatoriske sessions og nokre som er highly recommended.
Det heile byrja på måndag med velkomst og orientering for alle internasjonale studentar. Her fekk vi lære litt om universitetet og Brisbane. Det heile blei avslutta med at dei viste på storskjerm dei ulike landa som var representert og dei som kom derifrå skulle vise seg. Samtidig kom det også opp kor mange som skulle studere på UQ frå dette landet. Eg trur vi var 29 frå Noreg. Ellers gjekk det mykje i 1-10. USA og Canada skilde seg ut med hhv rundt 300 og 200. China var flest med over 600 stk. Dette var kun dei som byrja dette semesteret. Tilsaman er det ca. 9000 internasjonale studentar på UQ.
I går var det fullt opp med sessions som studentsenteret arrangerer gjennom heile semesteret. I løpet av veka har eg måtte sette opp ein eigen liten timeplan for å vere sikker på at eg får med meg det eg vil. I går hadde eg fem slike (dei varer i litt under ein time). Dagen starta med litt informasjon rundt det å forstå timeplanen og det å melde seg inn i dei ulike kursa. Videre gjekk eg på ein session om biblioteket. UQ har faktisk det største biblioteket av alle universtieta i Australia. Bøkene er då naturlig nok plassert rundt om i ulike avdelinger og det var difor litt greit å få litt informasjon om kor eg burde gå for å finne bøker.
Etter dette gjekk eg på 'Writing Excellent Essays'. Her var det heilt fullt! Folk satt i trappa og på gulvet rett forran foreleser.
Eg har hatt store problemer med å få timeplanen min til å gå opp. Dei forelesningene som kolliderer er obligatorisk, så no må jeg finne noen andre fag jeg kan ta, men då må jeg få dei godkjent med NTNU. Noko som ikkje er heilt enkelt. I går gjekk eg på ein Academic advising session der dei skulle hjelpe til med slikt, men veilederen kunne diverre ikkje hjelpe meg. Eg har difor brukt dagen i dag på å sende litt mail hit og dit, og satsar på at det ordnar seg til slutt.
Eg avslutta dagen med litt informasjon om eksamensformene på UQ. Dette er nokså likt heime, bortsett frå at her er ein del open bok eksamen. Som eg veit, er ikkje det så vanlig heime på NTNU?
Dagen i dag har eg brukt til å bli kjent med campus nr. 2 som eg skal gå på. Sidan jeg skal ta to masteremner og to bachloremner, som hører til kvar sine fakultet, har eg forelesninger på to ulike campuser.
I morgen er det litt nye sessions. Blant anna Life Down Under, Improve Grammar (når ei oppgåve skal inn her, noko som ofte tell inn ein viss prosentandel på karakteren, tell ofte rettskriving 10-20% av kartakteren) og Time Management.
Eg syns tilbudet dei har med slike sessions/workshops er veldig bra! Det er mykje å velge mellom, og dei sett opp dei same sessions fleire gongar slik at ein kan få dei med seg.
Fredag ser det ut til at eg har fri, så då tenkte vi å finne på noko i byen eller i nærleiken av byen. Nokon som veit om noko artig?
Snakkast!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar