9. mars 2012

Lone Pine Koala Sanctuary


I dag tok vi turen til Lone Pine Koala Sanctuary som har rundt 130 koalaer. Slagordet deira er, som det kanskje er mogleg å sjå på biletet over: "The Earth is not only for humans". Dette kom tydelig fram under dei ulike foredraga dei hadde, der dei fortalte om korleis dei ulike dyra er utryddningsstrua og kva vi kan gjere for å unngå å miste dei.

Vi har hatt ein super dag med nydelig vêr saman med mange ulike dyr. Vi gjekk på eit foredrag om koalaen der dei fortalte at dei slappar av i trea sine i opptil 18 timar kvart døgn. Dette er fordi dei kun et eukalyptusblader som inneheld 50% vatn. Dette gjer at dei fer i seg relativt lite energi av 0,5 kg i døgnet.















Når dei søv eller slappar av ser det ofte slik ut.


Etter foredraget fekk vi klappe Joey, som var blitt åtte år gammal. Koalaen blir rundt 10 år når dei lev villt, og litt lenger i fangenskap.


Der var mange koalaer, som førte til at vi tok mange bileter. Her er nokre av dei:



 









 
 Vi blei så klart svolten etter mykje vandring og åt lunsjen vår blant koalaene.


Der var andre dyr enn kun koala, og vi fekk tatt bileter i lag med kengeruane.
 
 

Der var mange kengeruar som vi kunne mate og klappe om vi ville, men der var heldigvis eit avslappingsområde som dei kunne flykte til om dei trengte fred.

Vi gjekk også på eit foredrag om reptilar, der vi fekk litt innføring i korleis ein bør oppføre seg rundt 
slangar i Australia.

Han hadde med seg ein slange som han stolt viste fram til publikum.
 Etter foredraget tok vi turen inn til alle reptilane og tok litt bileter der:









"Brown snake" er rangert som verdens nest farlegaste slange, med tanke på mengde gift den gir i eitt bitt. Denne bur langs austkysten til Australia.

  





  




"Inland taipan" er rangert som den farlegaste slangen i verden. Denne er heldigvis ikkje å finne langst austkysten.


Før vi tok bussen heim besøkte vi the Tasmanian Devil. Denne budde ein gong på fastlandet i Australia, men har blitt utrydda. Den er no kun å finne på Tasmania, som ligg sør for fastlandet. Her har den dessverre fått ein smittsom krefttype som gir svulstar rundt kjevepartiet og gjer det vanskeleg å ete. Dette er faretruande for arten og det blir gjort forskning på dette i dag. Kreften smittar ofte når dei møtast rundt eit måltid og litt krangling, med biting på kvarandre, skjer for å få tilgang til mat. Den et både kjøtt, pels/fjær, bein og tenner. God grunn til å kalle den ein Devil.


Sidan den tasmanske djevelen er litt skummel avsluttar vi heller med to litt kosligare bileter:


Snakkast!

6 kommentarer:

  1. Ååå! Koalabjørn! ej me vil klappe en slik bamse! ser ut som dokke har det bra :) spennende å følge me på bloggen dokka.

    SvarSlett
  2. Så kjekt at du følger med oss! Vi har det bra og prøver å få tid til så mykje som mogleg medan vi er her. Då var det så klart eit must å besøke koalaene i parken. Og det er vi glad for at vi gjor!

    SvarSlett
  3. Nyt det varme og fine været! Her e det storm og elende...:p

    SvarSlett
  4. Will do! Håper på ein fin sumar heime i år, slik vi får ein glidande overgang.

    SvarSlett
  5. Koooslige folka og koooselige dyra :)

    SvarSlett