I tilfelle ho ikkje skulle kjenne meg igjen etter alle desse vekene, laga eg eit skilt. Men det var nok det norske flagget eg hadde med som gjorde at ho fann meg.
Etter 30 timar på reisefot blei ho likevel med ut for å sjekke ut vår del av byen. Etter litt vandring fann vi ein koslig restaurant og åt sein, men god middag.
I går lot vi ho søve ei stund ut på dagen før vi vekte ho med frukost.
Etter ein lang frukost tok vi turen ut på Chinatown-markedet der eg endeleg fekk kjøpt meg nye solbriller. Ho som kom frå Noreg og 5 grader hadde gløymt solbriller fekk også kjøpt seg eit par. Der er veldig mykje fint og eg mista tellinga på kor mange kjolar eg hadde lyst å kjøpe.
Turen gjekk vidare langs elva og inn mot byen. På halvvegen stoppa vi og kjøpte kvar sin kaffe på Riverside.
I dag blei mamma med meg på forelesning og fekk seg ein kaffe medan eg fullførte eksamen min. Denne er no levert og eg kan stort sett ta meg fri resten av veka. Etter forelesning tok vi båten inn til byen og møtte Egil til lunsj, før vi koste oss i byen med å stikke hovudet innom nokre av dei mange butikkane.
Til middag valde vi å ete heime og laga heimelaga mosakka, med salat og heimelaga tzatziki som tilbehør. NAM!
Det var ekstra koslig når vi fekk sjå australsk "The Voice".
Snakkast!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar