26. juni 2012

Vulkanvandring, Auckland - dag 2

Dagen starta med ein god frukost. Det var buffetfrukost med mykje å velje mellom. Vi starta med litt müsli før vi gjekk over på varmmaten (eggerøre, bacon, bønner, champignon, tomat) og avslutta med frisk frukt, pannekake og litt krem og yogurt. Deilig!

0915 tok vi katamaran ut til Rangitoto, ei øy som ligg litt utanfor Auckland sin kyst. Dette er ei vulkanøy og vi fekk gå opp til, og rundt krateret, som var heilt gjengrodd.

 Bilete av øya tatt frå Devonport.

Det var stilig å sjå korleis tre og planter kunne vekse rett opp frå lavastein. Til tider var det nokså tett skog.

 Det var litt disig når vi nådde toppen, men slik såg byen ut (veldig zooma inn). I framgrunnen ser du Devonport, som vi tok turen til etter Rangitoto.

 Før vi gjekk tilbake til båten tok vi ein snartur innom grottene. Der er mange slike (eller ei lang ei) som har blitt laga av rennande lava.

1245 gjekk det katamaran til Devonport som litt rett utanfor Auckland og som det er mogleg å kome seg til med bil. Her kunne vi gå opp til Mt. Victoria Summit for å få utsikt over byen. Mange koslige caféar gjorde at vi valde å ta lunsjen her. Det blei gresskarsuppe og kvitlauksbrød på begge medan vi brukte våre 30 min på internett som alle har tilgang til i Auckland.

 Ei veldig grøn øy som vi kjørte forbi med båten. Naboøya til Rangitoto var like grøn som denne. Desse øyene ligg veldig tett og er samankobla med bru og kontrasten mellom dei var stor.




 Devonport "city" nede ved sjøen og Mt. Victoria Summit.

Bilete av byen tatt frå Mt. Victoria Summit.
Det blei litt bedre vêr etter lunsj og her er eit bilete tatt frå havna.

Som dykk ser på bileta har det vore ustabilt vêr i dag med litt overskya og regn til tider. Men vi har hatt ein super dag og kost oss på tur.

Tilbake på hotellet skifta vi til treningskle og tok turen til trimrommet der vi tok oss ei styrkeøkt på overkropp (beina fekk kjørt seg når vi vandra tidligare). Vi fekk også svømt nokre meter i bassenget før vi avslutta med dusj og badstu.

Vi visste ikkje heilt kva vi hadde lyst på til middag men etter å ha gått oss på på ein vietnamesisk restaurant i ei sidegate syns vi at det var eit godt val. Og vi angra ikkje! Veldig god mat og rask servering. Her syns vi nesten det var litt for billig sidan vi betalte kun 175 NOK for to forrettar og to hovudrettar.

 Grønn te medan vi leste i menuen.

 Eg bestilte grilla svin (i ein veldig god marinade) med Vermicelli nudlar og var godt nøgd.

Egil åt kylling som var heilt utrulig god!

 På veg tilbake til hotellet fekk vi tatt bilete av tårnet med lys.

No er det på tide og køye sidan flyet til Queenstown gjeng (veldig veldig veldig) tidlig i morga. Planen er å hente bilen før vi finn eit informasjonssenter som kan fortelle oss om der er noko fjell å gå i i nærleiken. Vêrmeldingane er litt dårlig og der er visst uvanlig mykje snø akkurat i Queenstown. Vi vil kjøre litt ut av byen og forhåpentligvis få oss ein fjelltur eller to. Etter at eg oppdaga at Cadbury sjokoladefabrikk (dette er ein av dei få sjokolademerka vi har funne som ikkje har vegetabilsk olje i sjokoladen sin) ligg i Dunedin, som er ca 3 timers kjøretur frå Queenstown var eg rask å melde oss på ein Chocolate Tour på fabrikken. Eg valde så klart den lengste turen på 75 min og håper så klart på litt smaksprøver. Eg skal prøve å oppdatere bloggen så fort vi har internett. Snakkast!

1 kommentar:

  1. Hehe, Chocolate Tour. Perfekt:) Fine bilde, enda meir lyst dit no.

    SvarSlett