9. juli 2012

Weee

Etter ei god ryggmassasje på laurdag forflytta vi oss tilbake til fastlandet og tok ei drosje til Pacific Harbour. Då vi vokna søndagsmorgon var det overskya og mykje vind, så vi bestemte oss for å ta ein avslappingsdag og rusla litt rundt i området for å gjere oss kjent. Etter ein litt sløv dag var det deilig med ei styrkeøkt i eit glasshus nede med stranda, før ein herlig grillbuffet i hotellrestauranten.

I dag har vêret vore omtrent like dårlig og vi tok turen til Fiji zipline. Denne er satt saman av åtte ziplines, den lengste på litt over 200 meter og med ei fart opp til 60 km/t. Den er til å anbefale, men etter å ha hoppa i falskjerm i Wanaka var ikkje adrenalinnivået så veldig høgt. Guidane var veldig ivrig og gjorde turen nokså morosam.

Langt oppe i eit tre, litt inne i regnskogen.

Weeee!

Etter ei ny sløveøkt på hotellrommet rusla vi ein tur langs stranda før vi gjekk på 'Oasis' for middag. Vi bestilte "The Catch of the Day" som var ein veldig billig og nydelig fiskerett. Det var ein litt for stor porsjon for meg, men det var veldig godt.

Nøgd med middagen. Fisk, aubergin, litt grønt og potet. NAM! Ingenting er som ein godt tilberedt fiskerett, dagsfersk frå havet.

Det ser diverre ut som vêret ikkje blir noko bedre, så vi tok like så gjerne å booka oss inn på massasje både i morga og onsdag. Pacific Harbour er kjent for gode dykke- og snorkleforhold så det er litt synd vi ikkje får reist ut på ein tur, pga av litt for mykje vind, men vi får kome tilbake ein anna gong. Vi har planar om ein joggetur i morga og nok ei styrkeøkt på onsdag. Då blir det ekstra godt med massasje. Vi har også planar om å besøke Suva som er den nærmaste byen. Sidan eg byrjar på jobb om ei veke er det godt å avslutte ferien med nokre avslappingsdagar. Det er bare litt synd at vi ikkje får tatt dei i solsenga. Håper alle har det bra! Snakkast!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar