26. mars 2012

Sydney!

Endeleg har eg sagt meg ferdig med oppgåva som skal inn i morga og dermed tatt meg litt tid til å skrive om Sydney-turen vår forrige veke. Eg blei advart frå fleire hald om at det kom til å bli meir skule her enn heime, men dette er mykje meir enn kva eg hadde forventa. Når ein akkurat har begynt å få kontroll dukkar det opp nye oppgåver som skal inn. Men torsdag om halvanna veke er dei fire oppgåvene og den eine eksamen overstått og eg og Egil skal på tur nordover langs austkysten av Australia. Det gleder vi oss veldig til!

Men som sagt, forrige veke var vi i Sydney. Vi reise frå Brisbane onsdagskveld (eg var så heldig å ha fri frå skulen både torsdag og fredag, så ei reise passa perfekt), og ankom Sydney uten at hotellrommet vårt hadde blitt booka. Laaaaaang historie kort: vi endte opp med å betale ei natt på hotell pluss halvanna time i telefon med reiseselskapet. Dei fiksa dei tre andre nettene og no er status at eg har sendt inn krav på å få pengane tilbake. Kryss fingrane for at vi får det!

Torsdag bestemte vi oss for å ta ein tur til Bondi Beach. Dette er den mest populære stranda i Australia (om eg ikkje tar heilt feil) og vi blei nesten litt starstruck av å sjå heltane frå TV-serien med same namn (Bondi Beach).

Bondi Beach.

 Egil var meir enn nøgd då det endeleg var tilbud på Jarlsberg og vi kunne ta oss råd til å kjøpe ein pakke. (Tilbud vil seie $20 per kilo, altså ca 120 NOK). Vi valgte då å ta lunsjen på stranda.


 Det runde huset frå TV-serien Bondi Beach.




På fredag var eigentleg planen å reise opp til the Blue Mountains, men i stedet endte vi opp med å melde oss på ein guida tur på laurdag. Fredag blei dermed sightsingdag i byen. Å dette blei ein utrulig fin dag med strålande sol og mange varmegrader. Deilig! Eg let bileta snakke for seg sjølv:




 




På laurdag var det tid for tur til the Blue Mountains. Denne dagen var vi diverre ikkje like heldig med vêret og det faktum at det var overskya gjorde sikta veldig dårlig. Heldigvis kom ikkje det så mykje nedbør og vi fekk tatt litt bileter.


 Der var mange slike papegøyer i regnskogen.

Den togbana i verda med brattast heng, og den måtte så klart prøvast! Eg var glad for at den ikkje hadde same fart som ei berg og dalbane, men heller eit litt vanlig norsk togtempo.

 Regnskog.

Sidan det var ein overskya dag med dårlig sikt besteme guiden seg for å ta oss med på "fjelltur". Han var godt kjent i område og visste kvar vi kunne finne kengruar. Vi gjekk oss på ein heil flokk. Blandt anna ei mor med to små. Dette er den eldste av dei to.

I bakgrunnen her er det mulig å skimte litt av the Blue Mountains. Dei er blå fordi der er eukalyptus tre som får denne fargen pga lyset.

På vei tilbake til hotellet tok vi ferge og fekk sjå byen frå sjøsida. Det var flott, men som dykk ser var ikkje vêret heilt på vår side.

  
Litt kaldt.
  Siste dagen var vi litt heldigare med vêret enn dagen før, men fortsatt var det relativt kaldt. Dagen starta med litt regn og nokre grå skyer, så då tok vi turen til Sydney akvarium.



 


 Turistbilete.

Enda eit turistbilete. Rundt om på heile akvariet hadde dei plassert figurar bygd av legoklossar. (Til tider var det nesten som å vere tilbake i legoland i Danmark.)

 Oppvarming til vi forhåpentligvis skal dykke i the Great Barrier Reaf i ferien.
 
 Nemo.
Seinare kom sola fram og då bestemte vi oss for å ta turen til Mainly, som ligg ein 30 minutt lang fergetur unna sentrum av Sydney.

 Mainly beach.

 Der var tillaga ein fin sti inne i skogen som vi valgte å gå deler av før vi drog tilbake til byen.

 





Så gjekk turen tilbake til byen (der vi kjøpte oss ein Grill'd burger, som er heilt fantastisk god!), før vi måtte komme oss til flyplassen. Der Skypa vi med mamma og pappa (koslig som alltid), før vi tok fly heim til Brisbane.

Alt i alt ei bra langhelg i Sydney. Neste tur er campingtur nordover, som vi starter på torsdag 5. april. Det kjem nok diverre ikkje noko innlegg på bloggen før den tid, men til gjengjeld skal vi prøve å oppdatere den turen fortløpande, så sant tida strekk til.

Kvar laurdag i Sydney blir innleia med fyrkerveri på Darling Harbour, så då vel vi å avslutte dette innlegget med ein poff og ein smell, filma i Sydney. (Det kjem ikkje så godt fram i filmen, men fyrverkeriet var koreografert til musikken dei spelte og det var veldig kult!)


Snakkast!

2 kommentarer: