Vi hoppa på toget, som brukte litt over ein time, og videre måtte vi ta buss i ca ein halv time. Planen var å ta eit lite surfekurs, men sidan vi kom for seint til første kurs, og måtte heim før det neste kurset var ferdig, må vi ta det igjen. Dagen blei dermed brukt til å vandre litt rundt for å sjå kva plassen hadde å by på, i tillegg til eit par tima på stranda med soling og bading. Bølgene var vanvittig og hadde skremmande store krefter. Flinke life guards hadde sett ut flagg som fortel kvar du kan surfe og kvar du kan bade.
Dei plassane som er anbefalt å bade på er avmerka med gule og raude flagg, og er svært avgrensa. Men der er mange sånne områder langs heile stranda.
Silje var svært nøgd når ho visste at der sat 1-2 vakter og fulgte med alle som bada mellom flagga. Med ein gong suferar nærma seg badeområdet ropte dei ut at dei måtte flytte seg. Dette gjorde at vi følte oss mykje tryggare inne i bølgene.
Langs heile strandpromenaden var der plassert nokre utrulig behangelige "solbenkar". Der var to variantar: den som Egil ligg på her, og ein litt flatare type som sikkert var meir behagelig når ein ligge på magen for å sole ryggen.
På kvelden var vi på quiz arrangert av ANSA. Dette er fast annakvar torsdag gjennom heile semesteret. Vi fann oss fem andre vi kunne vere på lag med og havna på 7. plass av 14 lag. Dette var vi veldig nøgd med sidan spørsmåla var relativt vanskelig. Quizen hadde seks kategoriar, der tre er faste og dei tre andre varierar. Vinnarlaget fekk velje ein av dei valfrie kategoriane til neste gong.
Fredag var det klart for kick off i fotballserien som Brisbane Roar spelar i. Dette måtte vi så klart sjekke ut.
Heldigvis har Brisbane Roar orange drakter slik at det var enkelt for oss å halde med dei.
Stadioen er svært stor og tar rundt 50 000 tilskodarar, men det var svake 10 988 som møtte opp. Altså omtrent ein full Colour Line stadion.
Før kamp gjekk maskoten rundt å delte ut klemmar til dei som ville ha. Men han hadde diverre ingen Sparebanken Møre-drops/-karameller (slike som Tare bruker å dele ut.)
Til pause leda Brisbane 1-0, men i løpet av andre omgang klarte diverre Melbourne Heart å utlikne til 1-1. I tilleggsminutta blei det straffe til Brisbane, og filmen under røper sluttresultatet.
Nivået på laga var ikkje mykje bedre enn Tippeligaen og vi har ingen umiddelbare planar om å gå på fleire kampar, sjølv om det var artig å få sjå stadion, supporterane og fotballen. Men vi har veldig lyst å få med oss ein australsk fotballkamp etterkvart.
Snakkast!
Takk for praten:) Kjekt med bilde, dåkke e flinke og aktive. Mykje dåkke skal rekke i løpet av ett halvt år, blir spennende for oss å følge med. Ha ei fin veke!
SvarSlettDet var hyggelig å snakke med dykk igjen. Lenge sidan sist.
SvarSlettVi skal prøve å rekke over ein god del ja, så får vi håpe at tida strekker til.
Ha ei fin veke der heime også! Takk.