Noko har vi gjort sidan sist, og her er bilete av turen vi hadde til MAX Brenner Chocolate Bar på South Bank. Vi tok oss ein rusletur ein dag eg hadde sete stille litt for lenge med ei oppgåve. Og etter all den sjokoladen valgte vi å gå ein omveg på veg heim i håp om å brenne noko av den. Det var ein smule dyrt der, men det var absolutt vert det! Og vi drar nok tilbake vertfall ein gong før vi reiser.
Eg åt 'Chocolate Soufflé' og var svært godt nøgd med det (den var fyllt med varm og fyldig sjokoladesaus).
Egil gjekk for ein litt kaldare versjon, og bestilte 'The Spectacular Choc-Fudge Brownie Sundae', som heller ikkje var så verst.
Sidan sist har vi også bestilt ferietur. Og som vi gledar oss!!! Turen går til New Zealand og Fiji. Etter eksamen har vi nokre dagar på å rydde og pakke oss ut av leiligheta før vi reiser til Auckland, som ligg på nordøya til New Zealand. Her skal vi tilbringe eit par dagar før turen går vidare til Queenstown, på sørøya. Her har vi leigd bil og håper på å få besøkt nokre av byane heilt sør, samt å få gått eit par fjellturar. Etter ei lita aktiv veke går turen vidare til Fiji. Her skal vi først tilbringe tre netter på Viwa Island Resort, som hører til Yasawa øyene (for dei som skulle vere så heldig og vere kjent), før vi reiser tilbake til hovudøya og blir ei lita veke på South Pacific, som ligg på sør-aust kysten. Etter denne reisa går turen tilbake til Brisbane her vi blir eit par dagar før vi reiser heim til Noreg.
Begge desse bøkene er no godt brukt og vi syns det var på tide og bytte dei ut med to nye.
Eg planlegg å skrive eit innlegg om skulen i løpet av neste veke, for dei som skulle vere interessert i å lese om det. Ellers planlegg vi og få tatt eit par dagsturar i området rundt Brisbane, sidan eg har ganske god tid før eksamen, så då skal eg prøve å få "dekt" dei også.
Håper alle har det bra og gleder seg like mykje til vi kjem heim, som vi gleder oss til å kome heim. Snakkast!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar