11. mars 2012

9 år blei feira med Wagaya og klatring

I går hadde eg og Egil vore saman i ni år! Dette måtte feirast, så vi bestilte bord på ein japansk restaurant, Wagaya, som vi har hørt mykje bra om. På denne restauranten er alle borda plassert i kvar sine avlukker. Ved kvart bord er der satt opp ein skjerm slik at gjestane sender si eiga bestilling direkte til kjøkkenet når dei er klar. Dette er heilt genialt sidan restauranten har mykje smårettar. Når vi nærma oss ferdig med den eine retten bestilte vi neste. På denne måten var maten alltid varm.















Spennande og gøy.






Vi kunne til ei kvar tid gå inn på "kvitteringa" for å sjå kor mykje vi hadde bestilt. Dei teikna til ventre viser om maten er ferdig eller ikkje. Den nederste retten er under kokkelering.












Egil var godt nøgd med grillspyd med kylling og biff.






Då vi kom heim stod paien og venta. Vi hadde eigentleg planar om å lage "bursdagskake",, men i staden valgte vi å kjøpe inn vaniljeis og å lage havrepai. NAM!


Tidligare i veka planla vi klatring i Kangaroo Point Cliffs til helga og skulle eigentleg gjere det også på laurdag. Sidan vi måtte melde oss på ein dag i forvegen blei det i dag i staden for. Vi fekk ca 15-20 min med opplæring før vi fekk bryne oss på fjellveggen. Eg var fyrst ut og kom meg nesten ikkje av flekken. Då eg ga opp fekk Egil prøve. Han raste opp gjennom fjellveggen som ei klatremus og ikkje lenge etter han hadde starta nådde han toppen. Då var det min tur igjen. Den snille instruktøren tok oss då heldigvis med til ein litt lettare del av veggen slik at eg også kunne komme meg opp. Det var veldig artig og vi gjer det gjerne igjen. Ingen av oss hadde klatra før og syns at dette var ei veldig kjekk oppleving. All honnør til instruktørane som var tolmodig med meg når eg ville gi opp.





























Klatremusa Egil på god vei mot toppen.






























Egil heilt oppe.



Silje endeleg på vei opp.


Silje på toppen.

For å feire at begge nådde toppen tok vi turen til starbucks og kjøpte ein mocha frappuccino:
To godt nøgde sjeler etter dagens meistring.
Snakkast!

4 kommentarer:

  1. Gratulerer med 9-års jubileum! Det ser ut som om dere får oppleve og finner på mye sammen, samtidig som det blir mye å gjøre for Silje. Spennende å sitte her hjemme og følge med. Kos dere videre, og lykke til! :) Arnt Martin

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, Arnt Martin! Så gøy at du følger med oss. Du har nok heilt rett. Det er mykje å gjere på skulen, men vi koser oss og prøver å nyte tida vi har her!

      Slett
  2. Hei, grattis med 9 år, tenk at det e så lenge sia ej tilbydde meg å bli med på første daten:) kuule bilde, så bra at begge kom opp sjøl om d ikkje va like enkelt for alle. Kos dåkke i Sidney!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, tenk det! Takk.

      Glad for å nå toppen, iallefall som nybegynnar og heilt utan trening.

      Sydney blir forhåpentligvis bra! Vi ser fram til å reise. Takk!

      Slett