28. februar 2012

Timeplan endelig i orden

Som nokon av dykk kanskje veit, har det vore vanskeleg å få timeplanen til å gå opp. Dette var eg forberedt på, sidan mange har hatt det same problemet tidligare. Grunnen til at eg fekk fiksa det var at eg kunne ta det eine masteremnet mitt som external student. Dette vil seie at eg får tilsendt opptak av forelesningar på nettet og kan sjå/høyre dei der. Dei fleste forelesnignane blir tatt opp slik at vi kan gå inn å høre på dei når det passar. External mode var ei heilt genial løysing for meg sidan forelesningane i dette faget kolliderte med to andre fag. Eg har nemlig fått beskjed om at forelesningene i dei to faga er obligatorisk, men det veit eg ikkje heilt om eg trur på. Dei faga eg tar no er:
BIOL3006: Molecular cell biology (som skal erstatte BI2014 Molekylærbiologi)
CHEM3015: Chemical Food Analysis. Dette emnet tar eg som det siste kjemiemnet for å få eit årssturdium i kjemi, slik at eg kan undervise i det. Eg har enda ikkje fått det forhåndsgodkjent hjå NTNU (har venta sidan starten av februar, ca. fire veker). Litt rart at NTNU gir meg beskjed om å sende mail dersom nokon emner må bli endra, men når dei bruker så lang tid på å gi meg tilbakemelding er det forseint å melde seg av/melde seg opp i eit anna emne. Men eit kjemiemnet kan eg alltids klare å ta når eg kjem heim.
NUTR7001: Nutrition and Health
NUTR7008: Nutrition in International Health
Dei to sistnemnte er valbare masteremner i biologi, som passer veldig bra med masteroppgåva eg skal byrje på i august.

Forelesningane byrja i går og no begynn eg å få danna meg eit bilete på kor mykje arbeid det faktisk blir gjennom semesteret. Systemet her er heilt annaleis enn heime og krever mykje meir jobbing gjennom semesteret. I alle fag får vi utdelt ein course profile som fortel bl.a. kva faget inneheld, krav for dei ulike karakterane og dei ulike oppgåvene som skal telje på karakteren. I BIOL3006 har vi presentasjon (10%), midtsemestereksamen (20%), PBL(Problem Based Learning - 20%), lab (10%) og eksamen (40 %). Det er då slik at dei tema som var på midtsemestereksamen ikkje kjem igjen på den endelige eksamen.
I dei to masteremna eg tar har vi tre oppgåver som skal gjerast og ingen eksamen.

Ingen bileter denne gongen. Eg prøvde å ta eit bilete inne på biblioteket som eg ville vise dykk, men det blei litt dårlig. Eg skal prøve på nytt seinare og sjå om det blir bra då. Snakkast!

5 kommentarer:

  1. Så bra at alt ordna seg! Håper bare NTNU får ut fingern og godkjenner kjemifaget :)
    Bortsett fra at det er litt kjedelig å måtte jobbe så intensivt når en først er på utveksling i et annet land, er det jo veldig kjekt med sånn ordning! En slipper det store skippertaket som ofte kommer mot eksamen i Norge ;) Dessuten er det jo mer rettferdig at ikke bare en skriftlig eksamen skal telle 100 % på endelig karakter.

    SvarSlett
  2. Utrulig deilig at det ordna seg! Eg har egentlig bestmet meg for at eg tar kjemifaget eg er oppmeldt i her, uannsett kva NTNU har å seie om det. Faget virker veldig interessant! Så får eg heller ta opp eitt kjemiemne når eg kjem heim.

    Litt kjedlig med alle oppgavene ja, men veldig mykje meir rettferdig enn det norske systemet. Spent på korleis det gjeng for meg som kun er vand med eksamen. Trur eksamenslesinga blir veldig chill i forhold til heime sidan det kun er halvparten av faget, og eksamen varer kun i to timar. Håper på tidlige eksamensdatoar slik at eg får tidlig ferie. Då får vi tid til meir før vi må heim.

    SvarSlett
  3. Fekk svar med institutt for kjemi i dag! Kjemifag i boks.

    SvarSlett
  4. Kjedli at d va så mykje styr å få d i orden, men ej syns du e kjempeflink å fikse! :) topp å lese! Virka som dokke kosa dokke :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Litt mykje styr ja, men sånn er det visst dessverre for dei fleste.

      Slett