På torsdag tok vi turen til Australia Zoo, også kjent som Steve Irwing zoo.
Vi starta med å mate elefantane. Kun eg ville prøve meg og fekk gi den eine av elefantane ein liten bananbit. Verken mamma eller Egil var rask nok på avtrekkeren, så dette har vi ikkje bilete av, men vi fekk bilete av den fine elefanten.
Ein fin elefant som eg fekk mate. Det heile endte med ei veldig fuktig hand, men han var veldig snill og tok hendligvis kun det han skulle ha (bananbiten).
Turen gjekk vidare til "Afrika". Denne avdelinga er veldig ny, men dei hadde både nasehorn, sjiraff og sebra.
Etter nesten to timar på tog og litt rusling i parken var det godt med ein kaffe ute i sola, medan vi kunne studere nasehornet og sjiraffane.
Neste stopp var crocoseum, og eit lite show, der dei viste fram både fuglar, slangar og ei av dei mange krokodillene dei har.
Etter showet kunne vi rusle vidare, og første stopp var hos kenguruane. Her kjøpte vi litt kengurumat som vi kunne mate dei med.
På veg til raudpandaen møtte vi to dyrepassarar som var ute å gjekk tur med ein tasmansk djevel.
Raudpandaen er stort sett inaktiv heile dagen, då dei får lite energi
frå bambusen dei et, men vi fekk eit par gode bileter då dei var ute og
rusla.
Det neste på planen var å sjå tigershow. Dette var eit interessant og lærerikt show der dei fortalte litt om tigeren og viste oss litt triks dei bruker for å holde dei i form.
Dei hadde mange fine tigerar. Denne henta dei ut heilt til slutt for å vise oss korleis dei sjekkar og merker territoriet når dei ikkje har vore der på heile dagen. Denne dama gjekk rundt og snuste og kika. Her er ho på god vei mot oss.
Eg var glad for at der var glass mellom meg og denne katten. Rett etter dette bilete blei tatt snudde ho rumpa til, og prøvde rett og slett og merke meg også. Det var berre så skvetten stod opp etter glasruta.
No var det endeleg på tide å besøke koalaen.
Etter å ha besøkt koalaen måtte vi begynne og småspringe litt gjennom resten av dyreparken for å rekke siste bussen. Her er litt av det vi fekk sjå.
Også wombaten blei lufta.
Det viste seg at mamma var svært god til å lokke til seg mange av dyra, slik vi fekk gode bileter. Dette av ein dingo.
På veg ut av parken gjekk vi forbi ein dam. Her stoppa vi for å sjå om vi kunne finne noko dyr. Etter kort tid dukka der opp fleire små skilpadder. Vi antok at desse var selskapssjuke, sidan vi omtrent var dei einaste igjen i heile parken.
Vi hadde ein veldig fin dag i dyreparken med strålande sol utan at temperaturen var for høg. I går hadde vi planar om å ta oss ein tur til stranda, men då det var grått når vi stod opp slo vi heller på tråden til min yngste bror, som for tida er i USA. Etter ein kjekk samtale med han (som eg trur varte i godt over ein time) gjekk vi på ein utrulig koslig cafè opp i gata her (The Hideaway). Der tok vi kvar sin kaffe før turen gjekk vidare til skulen. Pga noko obligatorisk aktivitet måtte eg stikke innom og då blei Egil og mamma like så gjerne med. Eg ga dei dataen min med internett og då gjekk nok den timen eg var vekke relativt fort. Sidan vi skulle innom skulen stakk vi så klart også innom treningssenteret. Eg blei ferdig litt før planlagt så då rakk vi ein liten halvtime på ergometersykkel før vi gjekk på bodypump. Eg er ikkje vand med å trene styrke på denne måten då eg går mest i styrkerommet. Dette gjer at det er litt vanskeleg å vete kor mykje vekter ein skal legge på, men eg fann passeleg vekter etterkvart. Mamma var nokså tøff og ho også hadde meir vekter enn fleire andre på timen.
Etter ei god treningsøkt var det på tide med middag. Endeleg hadde vi bestemt oss for å ta turen tilbake til den gode biffmiddagen (som vi skreiv om her: x = 3. Leilighetsjakt del 3 av 3.). Vi har lengta tilbake til denne og har gledd oss lenge, og den innfridde. Biffen var utrulig god på smak og veldig mør.
Sidan det hadde begynt å regne då vi var ferdig med middagen, tok vi toget tilbake og koste oss med ein film før vi tok kveld. I dag stod vi opp rundt 0900 og regnet hadde på ingen måte gitt seg. Det passa difor bra at vi hadde satt av dagen til shopping. Vi tok tog og buss til ein factory outlet som ligg litt utanfor byen. Her har dei 120 butikkar med forskjellige typer sko, klede, bøker og diverse anna frå fjorårets sesong, som skal seljast ut for å få plass til nytt. Vi klarte fint å bruke det meste av dagen her.
Både mamma og eg har reagert på kor mange jenter som går i uvanlig høge hælar. Då ho såg desse klarte ho ikkje å dy seg, desse måtte prøvast. Legg mekre til kor langt ned det er frå den foten uten høghælt sko!
Her er resultatet etter nokre timar med shopping. Både kle, sko og eit par andre småting blei med heim.
Etter shoppingturen var vi innom leiligheta og slapp alle posane før vi gjekk ut til middag. Vi hadde bestemt oss for å avslutte med stil og eg visste akkurat kva restaurant eg ville på. Vi har sett ein fiskerestaurant nede med elva som vi gjerne ville prøve. Her var kelnerane veldig hyggelig og stemninga var utrulig god. Vi bestilte like gjerne ein set menu med to forrettar, ein hovudrett og dessert.
Gresk salat og kvitlauksbrød til forrett.
Reker til forrett nr. 2.
Barramundi (abbor) til hovudrett.
Pavlova til dessert. Dette er ein tradisjonell australsk desserrt med marrengs (som ikkje er som marrengs heime, men mykje mjukare) saman med frisk frukt. Der var også ei kule med jordbærsorbet som nokså sikkert var laga av ekte jordbær.
Ein godt nøgd gjeng.
Etter middagen trudde vi at vi skulle ha god tid, men det er rart korleis tida flyg avgårde når ein bestiller fireretters middag. Dette endte i eit lite kaos og ei stressande pakkeøkt før vi sendte mamma avgårde til flyplassen i taxi. Avskjeden hadde eg som vanlig grua meg litt til, men trudde at det skulle gå heilt bra. Mamma hadde i tillegg gitt meg beskjed om at det ikkje skulle vere for mykje grining, for då ville ikkje ho besøke oss ved ei seinare anledning (ikkje at vi har noko planar om å få besøk igjen her, men kven veit kor vi havnar seinare ein gong?). Det å skulle ta farvel med ei så kjekk mamma etter ei så koslig veke viste seg og ikkje vere heilt enkelt. Det kom nokre tårer, men heldigvis hadde eg min kjære til å holde meg når mammaen hadde reist. Vi har hatt ei heilt utrulig kjekk veke, der vi har fått gjort mykje. Det har blitt mykje vandring og trakking rundt i byen, og for å rekke over det meste har det blitt litt for lite søvn. Dette gjorde nok at det var ei litt sliten, men nøgd, mamma vi sendte avgårde. Tusen takk for at du kom på besøk, mamma! Vi er glad i deg.
No har eg litt skule å ta igjen og ein god del oppgåver som skal inn i løpet av den neste månaden. Dette vil mest sannsynilg medføre litt mindre aktivitet på bloggen, men neste helg tar eg meg faktisk fri igjen sidan vi skal til Melbourne! Denne turen skal eg så klart skrive om etter vi har komt tilbake til Brisbane.
Snakkast!