Vi starta med ein tur til ein av dei mange innsjøane som er å finne på øya. Vi kjørte til Lake McKenzie og fekk bada der. Denne innsjøen er kjent for å ha vatn med heilt perfekt pH for huda og skulle visst nok gjere huda glatt og mjuk. Vi er endå ikkje heilt sikre på om vi merka noko forskjell.
Lake McKenzie.
Vidare gjekk turen til 75-Mile Beach. Dette er ei lang strand som går langs austkysten av øya. Kun 4WD-bilar får kjøre her. Om dykk vil få eit inntrykk av korleis det var å kjøre der er det berre å trykke på play under.
Kommentar frå sjåføren vår: "That sucks!"
Utskriving av bot.
Ein regel kjem i tillegg til vanlige trafikkreglar: alle fly som skal lette og lande har forkjørsrett.
Med ein relativt stum guide gjekk turen vidare til det mest kjente skipsvraket på øya, Maheno.
Maheno.
Vi måtte så klart stille oss opp og ta bilete. Bevis på at vi har vore der!
Vi er ikkje heilt sikre på om det var lov å ta på skipet, men gjort er gjort.
Wohoo!
Vi fekk også rusle ein tur i deler av regnskogen.
Den størte bregnearten i verda (som kan bli opptil 6 meter høg).
Eukalyptustre. Desse mister all bark rundt november slik at når tørketida kjem i august tek barken som ligg på bakken fyr. Dette gir varme opp langs heile treet, som gjer at posane med frø sprekk og frøa kan spre seg.
På veg tilbake til fastlandet og Hervey Bay fekk vi solnedgang.
Når vi vokna dagen etter var vi glad for at vi hadde valgt å bruke dette til kjøredag, sidan det regna. Vi kjørte stort sett heile dagen, og fann igjen finevêret på vegen. På veg nordover stoppa vi i Bundaberg, sidan vi veit at dei har ingefærøl-fabrikken sin her. Vi fekk ein slags guida tur der vi lærte litt om korleis dei produserer alle 14 drikkane sine og avslutta det heile med smaksprøve av alle typane. NAM!
Lukte og tippe.
Vi fekk smake på alle desse. Sjølv om vi har våre favoritter var vi nøgd med alle 14.
The big barrel.
Så satte vi nasen nordover igjen.
Kvar sin gong å kjøre. Det har stort sett gått greit å kjøre på motsatt side av vegen, men det er passasjeren sitt ansvar ved kvart kryss og sei: "Keep left! Keep left!". Det som har vore det vansklegaste er bruken av blinklys. Sidan spakane til vindusviskar og blinklys har bytta plass har det blitt litt unødig bruk av vindusviskar når vi skal svinge av vegen.
Vi måtte ta eit bilete rett før km-teljaren gjekk ned igjen til 0. Dette betydde at vi hadde kjørt i 100 mil.
Vi stoppa på kvelden for å lage middag. Etter god mat og nokre timar til med kjøring tok vi natt.
Langs vegane er det mogleg å få seg gratis kaffe og litt snacks. Dette er tillaga av the Australian Government og lokale frivillige set vakt. Når vi sto opp om morgonen var det speidargruppa frå Sarina som laga kaffe til oss.
Størsteparten av gårsdagen blei også brukt til kjøring.
Vi tok ein liten omveg innom ein liten by (Midge Point) heilt ute med kysten og åt lunsj nede med stranda.
Her traff vi på det første advarselsskiltet om farlege magnetar.
I dag har vi hatt "pausedag" der vi kjørte ein liten tur til Hideaway Bay og låg på stranda eit par timar. Her var det også farlege magnetar i sjøen så det blei ikkje noko bading. I morga skal vi på seiltur med snorkling ute ved to av Whitsundays øyene. Etter det går turen vidare nordover til Townswill. Snakkast!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar