På torsdag tok vi turen til Magnetic Island som ligg utanfor Townsville. Dette blir kalla the island of the beautiful bays. Vi kjøpte ein dagsbillett på bussen og fekk besøkt nokre av buktene. P.g.a. litt dårlig skoval fekk vi diverre ikkje gått nokre av dei mange stiane som er mellom buktene. I staden for fekk vi bada litt, sidan der er to bukter med netting som beskyttelse mot dei farlege manetane kunne vi bade utan heildekkande drakt. Etter litt sol satte vi oss på ein koslig kafé med kvar sin iskaffé.
Horsehoe Bay er den største bukta på øya og her fekk vi bade.
Eit lite område som var beskytta mot manetar.
Det var deilig å unne seg ein god iskaffé på ein varm dag.
Etter fergeturen tilbake gjekk turen vidare nordover til Cairns.
Vi stoppa på vegen og smurte rekelunsj.
Vi måtte ta bilete når teljaren runda 100 mil gong nummer 2.
Då vi ankom Cairns møtte vi regnet, så dagen etter kjørte vi vidare nord i håp om å finne igjen sola. Etter litt over ein times kjøretur stoppa vi på ein vingård og fekk smake på litt forskjellige fruktvinar. Eit litt eldre par dreiv denne vingården og produserte vinar frå frukt som dei sjølv dyrka. Dei brukte alt frå mango og ananas til ingefær. Eg var ansvarleg sjåfør og spytta ut igjen vinen medan Egil drakk. Vi endte opp med å kjøpe ein vin med lichi og ein med ingefær.
Der var mange ulike vinar å velje mellom. Oss fekk også litt historie om vingården og dama fortalte om dei forskjellige vinane dei har prøvd å lage som ikkje har blitt like populær som vinane dei tilbyr i dag.
Koslig uteområde der vi fekk prøvesmake dei forskjellige vinane.
Etter vinsmakinga kjørte vi vidare nord for å finne regnskogen som er på verdensarv lista. For å kome dit måtte vi ta "ferge", så kunne vi kjøre der og gå turar i skogen.
Ferga (eller kanskje eg skulle kalle det flåta) blei trekt over med ein vaier.
Turen var over på 3 minutt.
Sidan dei ikkje hadde svele leita vi fram favorittpotetgullen vår. (Greit å ta med seg "huset" når ein er på tur, så har ein mat og drikke klar.)
Førarhuset.
Tett regnskog.
Litt skittent skilt, men informativt.
Grashoppe på bilen.
Dette var siste heile dagen på tur og dagen etter blei brukt til pakking og rydding av bil før levering.
Ved levering tok vi eit siste bilete av km-teljaren. Totalt kjørte vi altså 253 mil.
Medan vi venta på taxi til flyplassen tok vi eit bilete av med og Lucy (som er maskoten til Jucy campas).
Vi har hatt ein utrulig fin tur og har kost oss mykje. Vi fekk ikkje snorkla p.g.a. vêret, men håper å få tatt igjen det seinare (mest sannynlig ein anna plass enn i the Great Barrier Reef).
Etter ti dagar med lite/ingen trening fekk vi tatt oss ein joggetur i dag. Det passa bra med vêret sidan vi har hatt ein litt overskya dag. Sidan det var tidlig trening tok vi tidlig middag og koste oss med TV2 Sumo på datan.
Kyllingspyd, salat og stekte poteter. NAM.
Det har vore deilig med ein dag i Brisbane før skulen byrjar i morga. Eg tar eit tredje klasse biologifag som tydeligvis har third year teaching free neste veke, så då kunne ein håpa på ein rolig start, men dei andre faga gjer at det blir litt arbeid alikevel. Men etter to innleveringar og ein eksamen kjem mamma på besøk på laurdag og då blir det på nytt litt skulefri.
Som avsluttning i dag legg eg ut litt bileter frå vegen (vi tok litt for få, men har er iallefall nokre).
Krapp sving, slakk ned til 80 km/t.
Der var dessverre relativt mange påkjørte kenguruar langs vegen.
Watch out for struts (!?)
Solnedgang.
Vi kunne kjøre lenge mellom kvar gong vi såg eit hus.
Mange gøyale skilt langs vegen.
Ølreklame.
Vi måtte stoppe for toget.
Deilig når sola trengte gjennom skydekket.
Det var ikkje alltid veien hadde betre standard enn i Noreg.
Der var maaange skilt som fokuserte på fart og viktigheten med kvile.
No er det kveld og the Voice har endeleg begynt i Australia. Snakkast!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar