26. april 2012

To flotte dagar!

I går var ein litt overskya dag så då valgte vi å stikke ein tur innom treningssenteret. Der fekk eg og mamma gått på "ABT Pilates", medan Egil tok turen innom styrkerommet. Vi koste oss på stappfull time som brukte pilatesøvelser med fokus på mage, rumpe og lår. Dette var ein god time der vi fekk kjenne syra. Deilig!

Etter trening rakk vi ein kjapp lunsj før vi endelig skulle til frisøren. Mine tørre og splitta hårtuppa har nok hatt ein litt tøff overgang frå kald norsk vinter til sol og varme kvar dag. Sidan skulen har tatt opp mykje av tida mi har eg ikkje fått klipt det før no.

 Adam & Eva har opna to salonga i Australia og den eine ligg kun to kvartal frå leiligheta, så då var valget enkelt når eg skulle velge frisør til meg og mamma. Dyktige frisørar og massagestolar ved vasket gjorde valget endå litt enklare! Ho som klipte meg var utrulig nøyaktig og veldig flink. Endringa er nesten ikkje synlig, men mamma klipte av seg ein god del hår. 

Godt nøgd gjekk turen vidare til Thai restaurant og middag. Dagen avslutta vi på Annie musikal, og det var ei god avslutning! Skodespelarane var veldig dyktig og sang så vi alle fekk gåsehud. Fantastisk.

 Eg og mamma gleda oss til musikal.


 Vi måtte ut og nyte den deilige temperaturen med noko lite i glasset.

 Kos.

 
Klar for musikal! Ei uturlig scene med band under.
På ein slik dag gjorde det ingenting at det var litt overskya. Skyene var fortsatt ikkje vekk når vi stod opp i dag og vi har hatt ein litt kjølig dag. Vi starta dagen med å rusle inn til byen for å sjå parada. I dag er det nemleg ANZAC day i Australia. Dette er ein fridag der dei hedrar dei som var med i første og andre verdskrig og kjempa for Australia. Parada gjekk frå kl 1000-1200 og mange deltok. Både dei som var med under krigen, etterkomarar og dei som er med i dagens militære. Under mesteparten av parada klappa folka som stod rundt i gatene for å vise sin takknemlighet.


 Det var naturleg nok mest mannfolk som gjekk i parada, men også nokre kvinnelege foreninger viste seg.

 Her er ein liten del av dagens hær. Det var umoleg å fange alle i eit bilete. Seinare kom ei nesten like lang rekke med dei som høyrer til luftforsvaret og etter det også sjøforsvaret.

 Mange av dei eldre kom i militærkjøretøy medan publikum klappa ivrig. Bilen på bilete her har rattet på "vår" side, men der var også nokre få som hadde det på "australsk" side.

Etter ein god kaffe på Starbucks tok vi turen til stranda, der vi fekk slappa av litt, før vi gjekk til parken og grilla god lunsj.

 Grilling på gang.


 På veg heim frå lunsj gjekk sola ned og lysa i byen kom på.

Til kvelden gjekk vi på kinesisk restaurant før det var film og litt is til dessert heime i leiligheta.

 Pork spare-ribs, beef with vegtables, sizzling chicken og medbrakt ingefærvin. NAM!



I morga håper vi på litt meir sol og tar mest sannsynlig turen til Australia Zoo. Snakkast!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar