I dag hadde vi alarm kl 0600 for å komme oss på seiltur med snorkling i
the Great Barrier Reef. Etter vi hadde venta på bussen som skulle hente oss i 20 minutt ante vi ugler i mosen. Når vi ringte etter dei viste det seg at menneskelig svikt hadde gjort at vi ikkje hadde blitt booka inn på turen alikavel. Båten var full og vi fekk tilbud om å bli med i morga. Problemet var at vi allereie hadde vore ein ekstra dag for å vere med på båten. Vi hadde altså ikkje råd til endå ein dag i
Airlie Beach sidan vi har to stopp til på vegen før vi tar fly tilbake til Brisbane. Dama som hadde gjort feilen (slik at vi ikkje fekk plass) var utrulig lei seg og prøvde alt ho kunne å få plass til oss på ein anna båt. Sidan der ikkje var noko ledig begynte dei å ringe til småflya som går over alle Whitsundays øyene. Der fekk vi plass og fekk betalt heile turen med eit minifly over alle øyene. Det var ekstra artig for oss sidan ingen av oss har tatt eit slikt fly før.
Spent?
Wohoo!

Eit lite fly med plass til 8 stk.
Det var heilt fantastisk å sjå revet frå lufta. Utrulig stort og flott.
Her kan ein sjå den tydelege forskjellen på djupet. Der revet er tydeleg er det ca 10 meter djupt, litt lenger bak blir det brått 60 meter.
Vi fekk den lengste turen som gjekk heilt ut til hjerterevet. Dette er nok det mest kjente og ligg nokså langt aust for dei mest kjente øyene (relativt nøgd med at eg fek eit så bra bilete!).
Whitsunday beach; 7 km med kvit sandstrand (98% silica).
Litt shaky etter turen, men nøgd.
Etter flyturen var det ny kjøretur i vente. Denne gongen gjekk turen til Townsville, men med nokre stopp på veien så klart.
The big mango.
Sidan det er utanfor mangosesongen kjøpte vi mangosorbet.
Bowenwood. Her er filmen "Australia" spelt inn.
For dei som har sett filmen "Australia", (ikkje eg, men Egil) er kanskje dette huset kjent. Det er litt oppussa, men det same som er i filmen.
Litt før vi kom til Townsville begynte vi å bli redd for å gå tom for bensin, men heldigvis fann vi ein liten stasjon og når vi svingte av møtte vi denne hagen.
Framme i Townsville!
I morga tar vi mest sannsynleg turen til
Magnetic Island som ligg utanfor
Townsville, før turen går mot siste stopp;
Cairns. Vi har så klart fortsatt veldig lyst til å snorkle for å sjå
the Great Barrier Reef up close. Er det nokon som har nokre tips til ein bra måte å gjere det på (nord for
Townsville)?
Snakkast!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar