Hei alle saman! Som lova tenkte eg at eg skulle skirve litt om skulesystemet her, som er veldig annaleis enn heime i Norge. Eg har i tidligare innlegg skrive om alle oppgåvene som skal inn i løpet av semesteret, og eg tenkte eg skulle gi dykk ei lita oversikt over det eg har vore gjennom i løpet av desse fem månadane. Eg har som sagt hatt fire emner som kvar er på 2 units (=7,5 poeng). Slik har karakteren fordelt seg i dei ulike emna:
CHEM3015 - Chemical Food Ananlysis (dette er eit bachloremne som skal fylle opp siste bolken i dei 60 studiepoenga eg må ha for å kunne undervise i kjemi):
Laboratoriearbeid (6 x 3 timar, som blei kun 5x3 timar då det viste seg at vi var meir effektiv enn planlagt) og tre rapportar. Rapportane tell inn på karakteren og er 8% på kvar, altså 24%.
Tutorial. Dette er noko mange fag har, som minner litt om PBL (problem basert læring) for dei som har hatt det. Det skal vere ein plass der ei gruppe studentar møtast saman med ein "tutor" og ulike deler av pensum blir diskutert. I denne tutorialen tok vi quizar som skulle telle inn på karakteren. I løpet av semesteret hadde vi sju quizar som tilsaman er 5% av den endelege karakteren.
Midt-semester eksamen. I dette emnet var dette ein heimeeksamen som vi hadde fire dagar på og som dekte fyrste del av pensum. Etter at eksamen er gjennomført er denne delen av pensum unnagjort og den endelige eksamen dekker kun det pensumet som blir gjennomgått etter midt-semester eksamen. 16%.
Eksamen. I dette emnet var det ein open-bok eksamen som er verdt 55% av endelig karakter.
BIOL3006 - Molecular Cell Biology (skal tilsvare BI2014 heime på NTNU, molekylærbiologi, som er eit obligatorisk emnet for min master)
Research project. Vi blei plassert i grupper som skulle bestemme kva slags forksningsmetode inanfor cellebiologi vi ville skrive om. Dette skulle framførast etter to veker med arbeid. Foreleser skulle ha oversikt over kva alle hadde gjort og satte karakter på det og framføringa. 10%.
Midt-semester eksamen. Same opplegget her som i kjemiemnet. Dei første modulane blir dekt og er dermed unnagjort. 20%.
Tutorial/PBL. Vi fekk diskutere pensumrelaterte temaer ei veke og i løpet av den neste veka skulle vi sjå litt nærmare på tema ved å lese ulike forskningsrapportar. Når vi møttast neste gong fekk vi ein liten quiz på tre spørsmål. 2x10%.
Laboratoriearbeid. 2x3 timar med arbeid på lab som blei karaktersatt med å fullføre enda ein quiz. 10%.
Eksamen. Denne dekte dei tre siste modulane. 40%.
NUTR7001 - Nutrition and Health (valfritt masteremnet).
Dette emnet tok eg som
external student for å få timeplanen min til å gå opp. Eg trur dette emnet er veldig mykje bedre for dei som tek det som
internal student fordi foreleseren er utrulig hyggelig og virker oppriktig interesert i studentane sine (eg har besøkt ho eit par gongar på kontoret).
Blog site evaluation. Vi blei plassert i grupper ut i frå kva tema vi var interesert i. Vi måtte finne ein blogg eller ei offisiell informasjonsside som dekte det tema vi hadde valgt (eg valde amming som tema og vi holdt oss innanfor Australia og fann ei god side med informasjon til komande eller ammande mødre). Vi skulle evaluere sida og skrive om den til medstudentane våre. Denne oppgåva var kun for
external studentane.
Internal studentane hadde tutorial kvar veke som verka inn på deira karakter. 20%.
Annotated bibliography and concept map. Her skulle vi finne og skrive kort om 8-10 forskningsartiklar innanfor eit valgt tema og lage eit oppsummerande og oversiktlig tankekart. 30%
Essay. Her skulle vi samanlikne ulike metodar som blir brukt for å forbedre ernæringmønsteret til eit individ/populasjon/land. Vi fekk ulike temaer og velje mellom her også og måtte kome med eksempel på korleis metodane har blitt brukt innanfor det temaet i eit spesielt område. 50%.
NUTR7008 - Nutrition in International Health (valfritt masteremnet).
Literature review. Her fekk vi ei liste med utviklingsland som vi kunne velge og skrive om. Inntekt, eksport, import, befolkning (urban/rural), utvikling siste 50 åra osv. skulle dekkast og til slutt oppsummere korleis det har påverka ernæringsmønsteret i landet. 30%.
Online discussion. Vi hadde om ulike mikronæringsstoff-manglar og fekk tre diskusjonsforum på blackboard (a la it's learning) der vi skulle lese forskningsrapportar og diskutere mulige løysingar på problemet. 2x6% + 8% = 20%.
Article review. Tre forskningsrapportar var gitt og vi skulle velje ein vi ville evaluere. 25%.
Annotated bibliography. Vi skulle finne og skrive kort om 10 forskningsrapportar. 25%.
Som dykk kanskje skjønnar var det ein litt brå overgang fra det norske systemet der det stort sett er ein eksamen som tell 100%. Men ein flink internasjonal seksjon på NTNU hadde forberedt meg på overgangen, sjølv om eg skal innrømme at det blei litt tyngre enn forventa. Slik eg ser det jobber dei også på ein heilt anna måte her og det tok meg ei stund og omstille meg. Læreboka blir mindre brukt, og mykje forskningsrapportar skal lesast. Dette var litt tungt i starten, men det har vist seg og vere veldig lærerikt og spennande. UQ (University of Queensland) har eit stort internettbasert bibliotek og det har gjort det veldig enkelt å leite etter artiklar. Eg veit at NTNU også har eit slikt system, eg har berre ikkje lært meg og bruke det enda.
Ein anna forskjell frå heime er at foreleser veit godt kven du er når oppgåver og eksamen blir retta. Dette har eg mislikt frå dag éin! Eg trivst med å kunne spørje foreleser "dumme" spørsmål uten å vere redd for at det skal trekke ned inntrykket og dermed kanskje karakteren min. Og etter at vi hadde hatt midt-semester eksamen i BIOL3006 presterete faktisk eine foreleseren å skrive på facebook (vi har ei facebook side der vi kan dele youtube-videoar og anna stæsj, samt stille kvarandre spørsmål om vi skulle ha behov) svaret som ein student hadde gitt på ei oppgåve. Vedkomande hadde tydligvis ikkje peiling på svaret og kom med ein litt morosam kommentar. Det er greit at foreleser syns dette var litt komisk og ville dele det med oss andre, men eg syns det er heilt unødvendig å skrive namnet på studenten! Dette er noko av grunnen til at eg ikkje vil at foreleser skal vite kven eg er når han/ho rettar eksamen. Det og trynefaktor. MEN, etter at eg mistolka oppgåveteksten på kjemieksamen min på onsdag (mistolka den, løyste oppgåva og innsåg at eg hadde mistolka den) har eg kanskje bytta litt meining. Foreleser kom bort til oss etter eksamen for å spørje korleis det hadde gått og når eg fortalte kva eg hadde mistolka så sa han: "Don't worry abaout it, I'll figure something out." Det hadde aldri gått heime i Noreg!
Karakterane blir sendt ut natt til 5. juli både på melding, mail og my-SiNet (som er eit påloggingssytem skulen har).
Ein siste ting eg syns er verdt å nemne er printersystemet. For det fyrste er det uturlig dyrt å printe på skulen! Det kostar 12c (=70 øre) per svart-kvit side. Det høres kanskje ikkje så mykje ut, men når ein skal printe fleire forelesningsnotatar i veka blir det fort dyrt. Om du printar to-siding kostar det 11c/side. Og ikkje spør meg om fargeprinting! Det har eg ikkje turt å tenke på ein gong. Haha. Eg har sett studentar som har printa opptil ni sider på ei side for å betale mindre. Dette ser utrulig travelt ut når dei noterer på forelesning. Ein anna ting med printersystemet er at det du sender til printeren er ikkje kobla opp mot brukeren som er pålogga (slik som på NTNU der det du printar er kobla opp mot din bruker og dermed ditt kort). Alt som blir sendt til printeren er tilgjengelig for alle og printe, og ved ein liten glipp har du betalt for å printe nokon andre sine forelesningsnotat eller oppgåver. Ellers angåande databruk har kvar student 3 GB tilgjenglig med opp- og nedlasting i månaden og om ein skulle trenge meir må ein kjøpe det.
Når ein loggar på ein skuledata kan ein velje mellom Mac OS og Windows.
Fleire av biblioteka har eit system som viser dei ulike etasjene og kva maskiner som er ledig/opptatt.
Alle biblioteka (eller dei fleste vertfall) har ein eller fleire såkalla ekspress-PCar. Dette er maskiner som kun skal brukast til printing og ein må gjere seg ferdig på 5-10 min. Dette er genialt viss ein kun skal printe ei forelesning eller to og det kan vere litt stress å finne ei ledig maskin. Ein kan også bruke dei til å logge seg inn på bilioteket sine heimesider for å sjå kva bibiliotek som har ledige maskiner.
Eg har fortsatt ikkje bestemt meg for kva slags system eg likar best, men eg trur nok eg heller mot det australske. Eg har lært utrulig mykje av å måtte jobbe jamnt gjennom heile semesteret. Eg tenker også på dei som ikkje klarer å gjere det så godt på eksamen på grunn av stresset. Her blir ein testa på ulike måtar med å levere oppgåver, ta quizar og gjere fleire eksamenar i eit emne. På denne måten vil ikkje ein dag og ein eksamen kunne øydelegge ein heil karakter.
Alt i alt er University of Queensland ein skule eg absolutt kan anbefale. Dei har mange ansatte som tar vare på studentane og mange gode tilbud som studentane kan ta i bruk om dei vil. Eg må så klart også legge ut litt bileter som eg har tatt av skuleområdet:
Kinoen.
Det eg likar å kalle hovudbygget utan at eg trur nokon andre gjer det.
Den smilande steinen! Den er veldig koslig og er plassert slik at eg går forbi den kvar gong eg går mellom buss og forelesning/lesesal.
Boost juice! Nesten kvar fredag etter ei god styrkeøkt har vi kjøpt oss boost juice med skogsbær og chiafrø.
Vi valgte å melde oss inn i treningssenteret på skulen sidan det blei billigast (sidan eg ikkje hadde noko bileter frå senteret blei det eit herlig bilete av to slitne joggerar i staden). Vi har stort sett hatt to styrkeøkter i veka, og to kondisjonsøkter. Som step-entusiast har eg gått på ein step-time i veka medan Egil har funne seg ei flott joggerunde (som eg har blitt med på eit par gongar). Kvar søndag har vi kjørt intervall.
RedRoom. Dette er baren på skulen. Vi hadde store planar om å ta turen dit i dag etter at dei i kjemiklassa mi var ferdig med siste eksamen, men der var stengt! Då blei det eit par øl på pizzasjappa i staden for (som ligg rett ved).
The Lolly shop. Her har eg faktisk aldri handla!
I starten av semesteret sat eg mykje på skulen og leste sidan eg hadde god internett-tilgang der. Etterkvart har eg endt opp med å sete mykje heime sidan eg ikkje vil ta buss i rusjtida. I rusjen er det nemlig dyrare å ta buss (altså frå 0600-0900 og 1530-1900). Då blei det ofte ikkje middag før kl 2000, noko som er litt seint. På fridagane mine har eg ofte valgt å gå opp til Herston campus (eg er til vanlig på St. Lucia). På Herston ligg medical school og det tar ca 20 min å gå. Det er her eg har hatt forelesning i det eine masteremnet, og sidan eg blir behandla som masterstudent her har eg faktisk fått noko av previlegia som masterstudentane har (blant anna $50 i printepeng). Eg har to bileter frå denne campusen også:
Hovudbygget. Dette biletet er tatt frå baksida sidan det er mykje byggearbeid på framsida. Dei er godt i gang med å lage nytt bygg til tannlegestudentane, så om du har planar om å utdanne seg til tannlege er kanskje dette plassen for deg?
Dette biblioteket har eg tilbrakt nokre timar i. Det ligg faktisk plassert midt i "the Royal Childrens Hospital".
Eg hadde siste eksamen i går og etter det har tida stort sett gått til sortering og pakking (bortsett frå ein tur til skulen for nokre øl tidligare i dag). Vi hadde også nokre ærend i byen og då tok vi like så greit lunsjen på den beste plassen i byen: Grill'd! Dette er den BESTE BURGEREN ever!! Fantastisk. Dei lagar burgeren med reint kjøtt (noko som er enkelt å kjenne på smaken) og sidan chipsen deira er steikt i rapsolje (og ikkje vegetabilsk- eller palmeolje) brukar vi og unne oss ein på deling. Og jammen blei ikkje det brus også i dag! For ei feiring.
Glede! Denne kjem eg til å savne i Noreg.
I morga er planen å få til ei siste intervalløkt før vi vaskar ned leiligheta. Mandagsmorgon går turen til New Zealand og Auckland! Snakkast!