Vi fann ut at dette var den beste måten å få fram kor bratt bakken var. På desse bileta står vi heilt vanlig. Ikkje noko tull!
Vi gjekk så klart heilt opp (det var ikkje så altfor langt).
Før vi forlot Dunedin tok vi bilete av det mest fotograferte bygget i New Zealand (i følge Lonely Planet), jernbarnestasjonen.
Bilete tatt frå Otago Peninsula.
Også Otago Peninsula. Her kan ein sjå haglebya vi møtte på.
Sjølv om dette ikkje er ein middagsblogg (eg begynn å bli litt redd for at det kanskje endar opp meir som det enn ein reiseblogg) må eg fortelje om middagen i dag også. Endelig blei det sjømat! Vi fekk anbefalt ein av moteleigarane og sidan dei kjente eigarane av restauranten (H.M.S King) fekk vi kvar sitt vinglas gratis (som Sunnmøring: Hurra!!). Vi hadde eigentlig planlagt ein tur sørover til Bluff også i dag, men det fekk vi ikkje tid til. Det byen er kjent for er østeresen dei serverer. Dei hadde fersk østeres frå Bluff på restauranten vi var på i dag, så dette bestilte vi til forrett. Vi fekk tre kvar tilberedt på ulike måtar, og alle var god! Men for min del var det nok med tre.
Østers til forrett.
Til middag kjøpte begge torsk, og den var veldig god. Restauranten var veldig fint dekorert og vi koste oss med middagen i dag også!
I morga skal vi faktisk ut å flyge igjen, men denne gongen kun ein liten tur på ca. 20 minutt. Vi skal nemlig flyge ned til øya Stewart Island og bo der ei natt. Her er det mange gåturar tilgjengelig så vi håper at det endelig blir litt vandring i skog og mark. Sidan vi må tidlig opp for å rekke flyet blir det tidlig i seng. Håper alle der heime har det bra. Snakkast!
Fantastisk fine landskapsbilder. Og middagen ser bra ut i dag også:) Mat e kultur veit du, så det e heilt legitimt å ha med i en reiseblogg:) Uansett, det ser ut som dåkke kosa dåkke både med maten og omgivelsane. Skikkelige globetrottera, men med sunnmørs-sjela in takt ;-))
SvarSlettDet er heilt sant! Då blir det nok meir mat etterkvart :)
SlettOss kosa oss stort!! Begynn å sjå fram til Fiji no :)