7. juni 2012

For ein dag!!! Mount Coot-tha

Plan for dagen: gå på marked i byen og handle inn det som trengst til middag den neste veka. Heim å ete lunsj, og slappe av litt. Ta buss til Mt. Coot-tha, som er eit utsikspunkt over byen, kl 1430. Vere der å ta litt bileter medan det er lyst og kanskje også etter sola har gått ned. Ta buss heim og ete middag før litt rapportskriving.

Det var i hovudsak også slik dagen blei, men med litt komplikasjonar. Vi gjekk inn til byen på marked før vi rusla litt rundt om i byen. Vi har planlagt å kjøpe inn litt varmare klede til New Zealand, sidan vi vil gå ein fjelltur eller to, og der er kaldt! Så etter litt rusling endte vi opp på 'Mountain Design' der både eg og Egil kjøpte oss jakke, så no er vi nesten klar for New Zealand. Då vi kom heim hadde klokka bltt nesten 1400 og det var kun en halv time til bussen skulle gå. Dette endte med at vi raskt rydda ut alle varene, kasta i oss lunsj og sprang ut for å rekke bussen. I det vi kom til busstoppen såg vi bussen kjørte, så vi sprang ein snarveg til neste busstopp, men mista den akkurat der også. Neste buss gjekk ikkje før om ein time, som blei litt lenge å vente sidan vi ville ha bilete i sollys. Så vi hoppa på ein anna buss som skulle gå til Brisbane Botanic Garden, som ligg nede ved botnen av "fjellet". Vi tenkte då så klart at der måtte vere ein veg for fotgjengarar å kome seg opp, men nei. Ingen fortau og heller ingen stiar. Det endte dermed at vi måtte stå der å vente til bussen som skulle gå timen etter den vi mista, kom og plukka oss opp. Heldigvis var det fortsatt sollys, så nokre bileter fekk vi. Då vi gjekk av bussen sjekka vi at vi hadde ein time på oss til siste buss skulle gå ned igjen. Det som var dumt var at då rakk vi ikkje å få noko bileter etter at sola hadde gått ned (men vi planlegg å kanskje leige bil neste veke for å få til ei utflukt eller to og då tar vi mest sannsynlig turen opp etter solnedgang). Etter å ha venta på bussen ei stund gjekk eg for å dobbeltsjekke at den faktisk skulle gå 1705, men NEI! Siste bussen som gjekk nedigjen var den vi kom opp med!! Einaste alternativet då (i tillegg til drosje, som eigentlig ikkje var eit alternativ) var å gå. Pga mangel på fortau og sti for fotgjengarar måtte vi legge på spring slik at vi fekk litt dagslys på veg ned. Litt skummelt å gå på vegen etter solnedgang då der blir heilt mørkt. Vi jogga ned til botnen der vi skulle ta buss. Etter at bussen ALDRI kom, var det bere å ta beina fatt igjen å gå til nærmaste togstasjon. Der gjekk det heldigvis eit tog etter ca. fem minutt og vi kom oss heim.

 Litt moro medan vi venta på bussen.

 Den fine og flotte byen vi har vore så heldig å bu i dei siste månadane.

 Det var litt rart å sjå byen frå ein slik avstand. Ein liten "klump" med skyskraparar.

Det som møtte oss heime var ein gigantisk oppvask. Så medan eg vaska opp begynte Egil på middag, og det var utrulig deilig å sige ned i sofaen med ein herlig laksemiddag med 'Australia's got talent' på TV. Sidan vi endte opp med ein dag med mykje meir gåing enn planlagt blei det også deilig dessert i dag.

Eg kan vel trygt seie det slik at kjøkkenskapa var relativ tomme.

Australia's Got Talent på TV, før Amazing Race Australia tok over. Herlig TV-kveld med andre ord.

 Egil sin versjon av dagens dessert.

Og min versjon. Svele, jordbær handla inn på dagens marked og sjokoladesaus laga ved å smelte mørk sjokolade (blanding av 72% og 85% kakao).

Ein anna opptur, i tillegg til eit herlig måltid og kjekk TV-underholdning, var det som kom i posten i dag. Farmor hadde sendt oss Haramsnytt si 17. mai-utgåve i lag med eit koslig kort. Tusen takk, farmor!!

 Nøgd med å kunne lese lokalavisa, og svært koslig å lese kort frå farmor.

Og midt inne i avisa fann eg jo både meg sjølv og min kjære. Og under der, bilete av eine bror min! Det var stas.

No er kvelden i Australia nesten over og det er på tide å finne køya, så må det bli litt skulejobbing i morga. Snakkast!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar