I lonley planet boka har dei lagt inn ei fin vandrerute rundt i byen som vi gjekk deler av. Den starta nokså rett ved hotellet i ein Arcade som kun hadde second-hand stuff. Her var det mykje stilig, men etter å ha oppdaga at vi har rundt 65 kg totalt i baggasje når vi skal reise heim til Noreg (og har ei kvote på 60 kg) blir det lite handling på tur. Men vindaugsshopping er absolut ikkje så verst! Turen gjekk vidare gjennom Meyer park som ikkje er så mykje å skryte av. Etter å ha fått sett City Hall og Civic Theatre gjekk turen til University of Auckland og klokketårnet. Universitetsområdet var veldig koslig og det var som å gå tur i parken.
Klokketårnet som høyrer til University of Auckland.
Universitetsomårdet er røykfritt! Flink!
Mange gongar i løpet av turen fekk vi auge på tårnet som står i byen. Dette er det høgaste tårnet på den sørlige halvkule (det vi besøkte i Melbourne (Ei herlig (men kald) helg i Melbourne!) er det høgaste "residential building" på den sørligaste halvkule). Vi har ikkje planlagt tur opp i dette tårnet...
Visste du at..
Etter dette var vi nokså svolten så vi begynte og leite etter ein plass og ete og fann den mest perfekte restauranten. Vi hadde absolutt ikkje pynta oss, sidan vi hadde reist heile dagen, så vi leita etter ein plass med skikkelig mat som helst ikkje krevde kjole og dress. Vi gjekk oss på Mecca - Chancery som oppfyllte begge krava.
Vi starta måltidet med å dele ei linse-suppe og kvitløksbrød som var veldig godt etter at begge var litt kalde etter gåturen.
Kokken hadde fire rettar som var spesiell for dagen i tillegg til den
vanlige menuen. Egil valde ei slags biffgryte med kvitlauksstappe.
Eg åt kylling med gresk yogurt.
Og kva måltid er vel komplett utan dessert? Vi kjøpte ein tiramisu på deling og kvar sin cappuccino.
Vi drakk også ein veldig god vin frå Hawkes Bay som ligg lenger sør på nordøya. Denne var av drua Cabernet Savignon og var nydelig god! Heile måltidet kan oppsummerast med eit ord: FANTASTISK!! Alt var utrlulig godt og denne restauranten er absolutt herved anbefalt! Det einaste eg kan trekke ned på er litt lite kaffe- og cognacsmak på tiramisuen, men ellers var alt veldig godt. For dei som lurer på kva prisane ligg på her syns vi denne hadde ein grei pris (billig med tanke på maten!), då vi betalte NZ$100 (ca. 500 NOK).
I morga er planen å ta ferge ut til to av øyene som ligg utanfor byen. Her håper vi å få bevegd oss litt, samt få tatt nokre fine bileter av byen. Etter båttur har vi planlagt ei lita styrkeøkt på hotellet før vi går ut for å ete middag. Det blir tidlig køying sidan flyet til Queenstown går 0700 onsdagsmorgon.
Om bloggen ikkje blir oppdatert i morgakveld håper eg å få oppdatert ein av dei fyrste dagane på sørøya.
Heldige dåkke, ej me skal dit en gång :). Og da skal ej heilt sikkert ha dessert:)
SvarSlettEg blir gjerne med! Å då kan vi hoppe i strekk frå brua (fekk ikkje tid til det denne gongen) eller hoppe frå tårnet (det var veldig dyrt) og så kan vi besøke Waiheke Island (det fekk vi heller ikkje tid til) og gå frå vingård til vingård! Og dessuten er eg glad i dessert :)
Slett