Etter nokre intensive dagar med lesing til eksamen var det godt at det
kom dagar med pause. I forrige veke oppdaga vi kor kort tid vi har
igjen, så vi bestemte oss for å leige bil i to dagar for å vere turistar
i området rundt Brisbane.
Vi leigde ein Toyota Yaris med Hertz.
Vi starta med å ta turen innom outlet kjøpesenteret som ligg i Gold Coast, sidan dei har Nike outlet store (LOVE Nike!), som vi ikkje har i Brisbane. Sidan vi tok turen innom the Tourist Lounge før vi starta shoppinga fekk vi 15% ekstra rabatt på det vi handla der.
I ei av reisebøkene våre har vi lest om eit område kalla O'Reilly's, der det er tillaga a Tree Top Walk
langs toppen av trea i regnskogen. Dei har også ein vingård der dei
produserar sin eigen vin. Etter litt shopping gjekk turen vidare sørover
i jakta på O'Reilly's.
On our way to O'Reilly's.
Og jammen møtte vi ikkje på ein Jucy campervan! Langs vegen kan dykk sjå skiltinga til O'Reilly's Vineyard.
Bli med på tur da vel! Litt humpete veg til tider, men her får dykk eit lite inntrykk av korleis turen, på ca. ein time, var opp.
Det er viktig å kjøre forsiktig.
Sjå kven vi fekk hilse på!
Dette bilete viser Boardwalken, men på det lågaste nivået. Det gynga bra og gnirkinga gjorde turen litt skummel til tider.
Halvveis kunne vi "klatre" opp i eit av dei høge trea, ved bruk av stigar som var plassert opp langs treet.
Det var vanskelig å ta bilete av utsikta vi fekk frå toppen, men her er deler av den halvveis opp i stigen.
Tittei!
Området er kjent for eit rikt fugleliv. Vi kom nok i litt feil årstid og
det var ikkje altfor mykje lydar å høyre, men etter litt var det nokre
som kom til syne.
Eit av utsiktspunkta som vi stoppa på når vi var på veg ned frå fjellet.
Oppfinnsom postkasse.
Etter å ha stoppa i vingården, fått smaksprøver og kjøpt litt vin gjekk turen nordover igjen. Vi valgte då å prøve oss på Mt. Coot-tha igjen, denne gonen med bil.
Utan stativ var det litt vanskelig å få fine bileter av byen etter solnedgang, men her er eit av dei eg tok.
Dag nr. to, i dag, hadde vi eigentlig planar om å ta turen ut til Moreton Island
som er ei sandøy som ligg rett utanfor kysten, men på grunn av
fergetider og vanskligheter med å kome seg rundt, bestemte vi oss for å
ta turen til the Sunshine Coast i staden for. Dette er eit strandområde litt nord for byen. Gold Coast ligg litt sør, og sidan vi har vore der tidlegare (Gold Coast torsdag og fotballkamp fredag) valgte vi å droppe det denne gongen.
Før turen gjekk nordover hoppa vi tidlig i bilen (rundt kl 0530!!) for å få med oss soloppgangen frå Mt. Coot-tha.
Eg har maaange bileter frå dette, og sidan eg syns det var vanskeleg å
velge ligg her fleire. Eg har prøvd å velge ut bileter slik at du kan få
følelesen av å stå på fjellet og sjå soloppgangen (bortsett frå at
lyset ikkje er skarpt og at du kanskje sit inne i varme. Det har blitt
kaldt i Brisbane om nettene og sjølv med god bekledning var det kjøling å
vente på sola).
Vidare gjekk turen til Sunshine Coast, og på vegen ringte eg til
ein surfeskule som eg hadde lest om på nettet. Etter fleire månadar i
Australia var det alstå ENDELEG på tide å få prøve seg på brettet. Og
det var gøy!! Vi hadde det utrulig artig, med privat instruktør, som
gjorde ein veldig god jobb. Coolum Surf School (i Coolum Beach) er altså
absolutt å anbefale. Dyrt var det heller ikkje. Vi klarte begge å røyse
oss på brettet og bli med bølgene inn til stranda. Egil klarte også å
finne si eiga bølge, padle og surfe inn igjen til land. Alle tiders!
Vi har ikkje noko bileter frå sjølve surfinga, sidan vi var ute i
vatnet og surfa. Men her har vi eit veldig profesjonelt oppstilt bilete
etter ein velluka surfetur (intstrukøren sa at det var slik proffane tok
bilete, så då meinte vi at det var passande for oss også å gjere det.)
To godt nøgde surfarar. Vi fekk
rabattkupong frå surfeinstruktøren som vi kunne bruke på Subway, så då
var det enkelt når vi skulle finne ein plass å ete lunsj. Maten tok vi
med ut i sola som varma godt i dag. Perfekt vêr for turisme!
Sidan vi ikkje var heilt nøgd med vingården vi besøkte i går valgte vi å kjøre ein omveg tilbake til Brisbane (Tourist drive 22).
Denne går inn i landet, der det er fleire vingårdar. To av dei vi
skulle innom hadde stengt for sesongen, men vi fann ein som låg veldig
fint til og hadde eit vakkert område. Vinen var god og etter
smaksprøvene kjøpte vi nokre flasker her også.
Vingård nr. 2. Flame Hill Vineyard. Her var det også mogleg å
kjøpe lunsj/middag om ein skulle ha behov for det etter ein lang
kjøretur. Vi var enda ikkje ferdig med alt vi hadde planlagt så vi
kjørte raskt vidare (Egil drakk ikkje vin og vi kunne derfor trygt
forsette mot Brisbane.)
På vegen fann vi the big pinapple. For ivrige lesarar kan dykk kanskje huske turen nordover då vi var innom the big mango (Nedtur etterfulgt av opptur). No manglar vi kun the big banana, men den ligg litt for langt sør.
Her kunne vi også ta turen inn i ananasen og lese om historia og produksjonen til ananasen som blir dyrka i området.
Siste stopp for turen var jordbærplukking.
Pick your own.
Her var
eg i himmelen! Det var ikkje lov å ete jordbær medan ein plukka så
dette bilete er kun til "pynt". Jordbæra var veeeldig god! Men det skal
jammen bli godt å kome heim til Valldal-bær.
Vi
har altså hatt to flotte dagar! No er det bere å hoppe i køya, for i
morga må bøkene opnast på nytt (etter ei styrkeøkt på treningssenteret).
No er det under ei veke til fyrste eksamen og berre litt over ei veke
til vi reiser til NZ(!!). Håper alle har det bra der heime. Vi saknar
dykk. Snakkast!
Hei :) Ka flinke dåkke e. Fine bilde, kjekt å sjå. Endelig surfing:))
SvarSlettHei! Takk. Vi er heilt enig, endelig surfing! No håper vi på "Surfing in Fiji" også, om vi ikkje må reise altfor langt for å finne gode bølger.
Slett