Då er vi på Fiji!! Etter akkurat å ha nådd flyet vidare frå Auckland. Det å gå av flyet på Fiji var eit mykje større sjokk enn forventa. Ein temperaturforskjell på over 30 grader kjenner ein godt på kroppen. Ved ankomst blei vi møtt av tre hula-hula-mannar (som eg kallar dei) som sang og spelte guitar. Etter tre runder med sikkerhetssjekk fann vi shuttlebussen til hotellet. Vi la inn på Novotel Hotell som var nyoppussa og flott, men fullt av insekt. Etter å ha handla inn litt mellommåltid som vi kunne ta med ut på øya, tok vi oss ei styrkeøkt på overkropp. Til middag blei vi overraska over kor asiatisk alle rettane var. Eg bestilte kylling og Egil lam. Begge godt nøgd, men eg fekk ein rett med litt for mykje salt.
Neste dag gjekk turen ut til Viwa Island. Først med the Yasawa flyer der vi tilbragte 2,5 timar før vi hoppa over på resorten sin eigen båt som brukte ca 45 min på å ta oss ut til Viwa. Og for ein velkomst. Sang og hula-hula-mannar møtte oss her også. Denne gongen med kransar til å legge rundt halsen vår. Etter ein velkomstdrikk var det tid for lunsj, før innsjekk i "buren". Denne var over all forventning og eg har difor så klart lagt ved eit bilete.
Meg, Manasa og Egil på vei ut til Viwa Island. Dei var glad i å ta bilete (dei har sikkert lært seg kva turistane liker).
Velkomstdrink og blomsterkrans rundt halsen.
Etter ei runde i området var det tid for avslapping og vi fann ei hengekøy som var stor nok til oss begge. Etter ein liten symjetur og ein dusj var det tid for middag. Denne hadde vi bestilt under lunsj og vi var spent på opplegget. Frå kl 1800 var det happy hour i baren, før vi fekk beskjed når borda var klar. Nesten nede ved sjøen kunne vi velje bord og middagen kom etterkvart som folk hadde satt seg. Det er forbode med ungar under 16 år, så det er naturleg nok mest par som er her. Stemninga er god mellom alle og etterkvar som nye kjem til går det i handhilsing (sidan her kun er 11 "bures"). Vi snakkar litt om dagane våre ved happy hour men går på ein måte kvar til vårt under middagen.
Kosar seg då vettu!
Kvar dag set dei opp på ei krittavle dagens aktivitetar, og denne tavla er alltid full. På torsdag valde vi å bli med på snorkleturen. Eg har aldri snorkla før og blei heilt satt ut etter eit blikk under overflata. Eit utrulig klart vatn og mykje korall og fisk. For ein herlig opplevelse!! Vi fekk ikkje tatt så mykje bileter, men vi filma litt. Diverre var vi litt for langt unna fiskane til at dei viser og det eg filma av Egil har han klart å slette. Nokon som veit korleis eg klarer å hente fram igjen eit sletta bilete/film på eit Linux-kamera? Eg har også problem med å legge inn filmer får det kamera til macen min. Nokon som har noko tips?
Godt nøgd med den første snorkleturen min.
Frå snorkleturen vi hadde i går. Då var ikkje vatnet like klart, men vi fekk fanga denne fisken på fleire bileter. Denne turen var rett utanfor ei strand, så det var lite korallar og dermed mindre fisk. Det var ein tur kun vi to hadde. Når resorten arrangerer snorkleturar blir Ba (aktivitetsansvarlig) med ut og han har full kontroll over dei fleste korallane og der er mykje fin fisk, nokre skilpadder og manta rays.
Tilbake ved resorten fekk vi slappe litt av før vi hadde dykketeori med Michelle, som eig resorten og har dykka i mange år. Ho er opprinnelig frå Australia og har dykka på mange ulike plassar. Ho var veldig flink og ga oss god opplæring. Neste dag fekk vi dykke litt i basseng før vi tok turen ut i sjøen. På ca 10 meter djup fekk vi symje med fiskane. FANTASTISK!!
Etter dykketeori var det tid for volleyballkamp der fleire av gjestane deltok og enda fleire av dei ansatte på resorten. Dette gjer dei omtrent kvar dag. Og så måtte vi så klart ta eit kveldstur i vatnet før vi dusja og gjekk til middag.
I dag har vi vore ute med kajakk og no set vi å ventar på 30 minutters ryggmassasje.
Kvar dag har vi så klart ete fisk til middag, sidan denne er dagsfersk. Og det har vore heilt utrulig godt. Vi hadde lest litt om kokken før vi ankom øya og all skryt som ligg ute på internett stemmer virkelig. Akkurat nok mat og alltid ein heilt utrulig god smak!
Ein av dei gode fiskemiddagane.
Fiji er rett og slett noko som må opplevast. Eg kan eigentleg ikkje tru at alle plassar på Fiji er som denne. The fijian people er veldig hyggelig og vil deg alt vel. Dei er glad i sang og musikk og lagar god stemning heile døgnet. Ved middagstid har dei bula/isa lei time. Her ynskjer dei nye gjestar velkomen og tek avskjed med dei som skal reise neste dag. Når dei ynskjer velkomen syng dei bula-sangen som er full av liv og veldig fengande. Ved avskjed er det ein veldig trist, men fin, isa lei sang. Denne syng dei også når gjestane reiser ut med båt og skal heim.
For ein herlig gjeng! Her ved bula/isa lei time.
For dei som ikkje har stålkontroll er det akkurat EI VEKE til vi startar reisa heim til Noreg i dag. Vi nyt dagane på Fiji, men gleder oss også til å kome heim. Snakkast!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar