Då var vi heime i Brattvåg etter ca 36 timar på reisefot.
For eit halvår vi har hatt! Eg føler meg utrulig heldig som har fått gjort dette og anbefaler alle som har mulighet til det om å gjere det same. Mi innstilling var at eg heller ville angre på å reise enn å bli heime. Men det blei heldigvis aldri noko å angre på. Eg har hatt det heilt fantastisk og klarer ikkje å beskrive følelsane eg set inne med no. Eg er så klart også veldig glad for at min kjære Egil ville bli med på tur og eg veit at det ikkje hadde vore det same utan han (det hadde nok ikkje blitt noko tur utan han).
Det var naturlig nok vemodig å reise frå Brisbane, som har blitt som ein second home for oss, men dei siste dagane har vi også gleda oss veldig til å kome heim. Ein utrulig rar følelse, sidan vi ikkje veit når vi kjem tilbake til Brisbane (noko vi håper vi gjer ein gong).
Eg vil benytte anledninga til å takke alle som har lest bloggen. Det har vore utrulig kjekt å kunne dele noko av våre erfaringar og opplevingar med dykk og vi har kost oss med tilbakemeldingar. No som vi har komt heim er det dykk som må fortelle oss om dei siste seks månadane, sidan dykk allereie veit alt om kva vi har gjort på.
TUSEN TAKK!!
PS: sidan eg ikkje kjem til å forsette å betale Google for alle bileta eg må lagre med dei kjem eg til å slette noko av bileta i dei eldste innlegga (dei fyrste eg skreiv), men teksten blir ståande. Hope that's okay!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar