1. juli 2012

Skog og mark

Då har vi endelig fått godt litt tur i skog og mark. Det har ikkje blitt noko fjelltur, men litt gåing. Vi ankom Stewart Island fredagsmorgon og blei møtt av ein nokså ivrig motelleigar som gjerne ville vise oss den bebudde delen av øya. Han tok oss rett og slett med på ein kjøretur i den lille bygda. Ein veldig koslig og hyggelig liten plass. Øya derimot er veldig stor og i følge Robin er øya like stor som Singapore men med kun 400 innbyggarar. Vi spurte han om tips til ein gåtur og han ga oss to alternativ der han tydelig sa: "If you really like hiking I would choose the first one". Det eine var ein gåtur som skulle ta ca fire timar og det andre var å ta taxibåt ut til ei anna øy. Sidan vi hadde komt for å få gått litt (og ikkje for å sjå enda ei øy) valde vi som han foreslo. Etter ca to timar hadde vi gått den lille turen som viste seg å kun vere ein liten tur i skogen rundt den bebudde delen av øya. Det var forsåvidt ein koslig tur der vi fekk gå aleine saman med litt ulike fuglar. Sidan vi kom tilbake relativt tidlig valde vi å gå ei ny runde som vi brukte ca. ein time på. Ettersom vi kom ganske tidlig tilbake til leiligheta valgte vi å sette oss i solveggen med kvar sin kaffe før vi hoppa i boblebadet før middag. Her er litt bileter som vi har tatt på denne turen:

 
 Steward Island og spesielt Ulva Island (som ligg ein liten båttur ut frå Stewart) er kjent for fugleliv og sjølv om det var vinter var det nokre av fuglane som ville hilse på oss.

Silver eye. Biletet er tatt på Rangitoto, men vi såg den på Stewart Island også.

Ei lita matpause i sola.

 Vi møtte også på denne skapningen som for meg minte om ei kryssning mellom hund og geit. Nokon som veit kva det er?

Litt gøy må ein jo ha det!

Koser seg i sola!

 Etter solnedgang kom papegøyene og ville ha mat. Vi hadde nokre mandlar som dei trygt kan ete, men vi passa på å ikkje gi dei for mykje sidan det kan føre til at dei fort blir tjukk og lat.

  Stewart Island er kjent for Blue Cod (som vi trur er ein slags torsk). Den mest populre varianten er så klart i fish&chips-form, men vi valde den bakte, som var heilt NYDELIG god! Perfekt i lag med eit glas Savignon Blanc.

Frå Halfmoon Bay (der sivilisasjonen held til) hadde vi fin utsikt over soloppgangen (som ikkje var før 0830).

Trygt tilbake på bakken i Invercargill, på fastlandet, starta vi turen oppover til Te Anau som er kjent som basen for Milford Sound turistar. Dette er ein kjent fjord som ligg på vestsida av New Zealand. Vi har hatt store planar om å kjøre over fjellet og ned på andre sida for å besøke Milford, men når vi kom inn til Te Anau blei vi litt nølande sidan turistsenteret fraråda oss til å kjøre sjølv og meinte vi burde melde oss på ein guida tur. Vi er ikkje spesielt tilhengarar av slike turar (betale fleire 1000 kroner for å høre om mykje historie vi lett kan lese oss opp på sjølv, sete på ein buss heile dagen og ikkje få gå dei turane ein sjølv vil og heile tida stoppe slik at pensjonistane og ungane får tisse), så vi tenkte at vi ville prøve å kjøre sjølv. Grunnen til at vi blei fraråda det var at det var "Black Ice" på vegen (nokon som veit kva det er? Vi tenkte det kunne vere blankis...), men vi tenkte at det skulle gå bra sidan vi er vande med slike forhold og hadde kjettingane klar i baksetet. I tillegg veit vi at det aldri er forseint å snu. I dagtidlig satte vi avgårdet, spent på kva vegar som møtte oss. Og eg er utrulig glad for at vi valde å kjøre sjølv!!! Det er meir utfordrande å kjøre til butikken i Trondheim om vinteren enn å kjøre på fjellet her. Det var ein fin tur over fjellet med mykje fin natur og vi kjente oss absolutt igjen! Det minte veldig om Noreg og ein kjøretur gjennom landskapet der i ein av vintermånadane. Litt bileter, først frå vegen opp til Te Anau, så frå Milford Sound.

Frå vegen. I bakgrunnen begynn Milford Sound å kome til syne.


Vi tok ein liten detour for å sjekke ut eit 1000 år gammalt tre, og det var svært!

 Egil ved eit liknande tre.

I starten av turen til Milford.

Milford Sound: Mirror Lake.

Det er viktig å passe seg (men det skal vere sagt at desse skilta midt i vegen gjorde nok større skade en sjølve isen, vertfall i dag. Eg syns så klart at det er bra dei advarar folk slik at der ikkje er fullt av tullingar oppe i fjellet som aldri har kjørt på vinterføre tidligare.

 
Den poulære fjorden.

Litt moro må ein jo ha det! Her med to NZ mandarinar.

 Også her var det nokre av fuglane som ville hilse på oss.

For andre som skal til området og vil betale for ein guida tur blei vi anbefalt å heller reise til Doubtful Sound sidan det er mindre kommersielt og mykje større og visstnok flottare. Grunnen til at vi ikkje reiste dit er at ein kun kjem seg dit med å melde seg på ein tur (som kostar rundt 1000 kr no på vinterstid og over 1500 kr om sumaren).

I gårkveld (når vi ankom Te Anau) meldte vi oss på ein tur inn til The glowworm caves som ligg ein halvtimes båttur frå byen. Denne gjekk samme kveld og vi fekk gleda av å sjå dei sjølvlysandes larvane inne i fjellet. Turen var veldig bra og er absolutt å anbefale! Det starta med ein vandretur inn i fjellet på ca 15 min der vi fekk litt informasjon om korleis grotta har blitt forma, før vi hoppa opp i ein liten trebåt som blei frakta av guiden som drog oss vidare innover. Her var det ikkje noko lys, så vi såg ingenting. Det var ein ganske spesiell tur sidan alle måtte vere stille for å plage larvane minst mogleg. Vi satt altså i båtane og kjente at vi flytta oss, men vi såg ingenting og alt vi hørte var lyden av rennande vatn. Etter nokre minutt møtte vi på dei lysande larvane. Einaste måten å forklare det på er at det føltes litt ut som å sjå opp på ein stjernehimmel som var trekt heilt ned til deg (nærmare enn ein halvmeter) uten at den var veldig forstørra. Fantastisk! For å ikkje plage larvane var det ikkje tillatt å ta bileter.

I morga går turen tilbake til Queenstown der vi skal levere bilen, ta inn på hotell for ei natt før reisa går vidare til FIJI! Og for dei som ikkje har full kontroll, i dag er det kun TO VEKER til vi set beina på norsk jord igjen! Snakkast!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar