3. juli 2012

Oppsummering New Zealand

Då har åtte dagar i New Zealand rast avgårdet og vi er på veg til Fiji, Nadi. Vi har estimert at vi lett kunne brukt ein månad på kvar av øyene og anbefalar difor at folk som skal kjøre rundt om på New Zealand sett av god tid. Vi hadde ikkje meir tid, men er glad for at vi kom.

I vintermånadane (juni-august) er det lavsesong og derfor svært lite turistar. Det har vore spesielt godt på vegane sidan vi enkelt har kunne stoppa for å ta bileter og ellers holde vårt eige tempo. Ulempa med å reise rundt på denne tida er at nokre av caféane, retsaurantane, motell/hotell/B&B er stengt for vinteren. Fordelen er at dei opne motella/hotella/B&B har billig utleige av rom. Og vi har ikkje måtte planlegge noko på forhånd sidan der alltid har vore ledig rom, flybillett, fallskjermhopping osv. I høgsesongen trur eg vi måtte ha forhåndsbestilt alt dette og det hadde vore vanskelig sidan vi ikkje hadde planlagt ruta før vi kom. Konklusjon: deilig å vere turist om vinteren, men det er kaldt og ikkje like lett å gå i fjellet. Neste gong blir det sein haust og lenger tid.

Om vinteren er ikkje alle stiane i skogen rydda for turistar og vi har møtt på nokre velta tre rundt om. Men vi let oss ikkje stoppe (det er jo berre å gå rundt).

New Zealand har mange sauar! Eg er glad for at dei har mykje ull sidan det er så kaldt ute.
 
Vinterstid betyr glatte vegar, men vi har ikkje møtt på noko problem. All grusen på vegen har nesten vore eit større problem.

Då set vi oss på flyet til Auckland, som er forsinka (Jetstar er ikkje til å anbefale, vi har hatt problem fleire gongar), og håper å rekke flyet til Nadi om nokre timar. Snakkast!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar