14. juli 2012

Snaaaart heime

Dei siste dagane på Fiji var diverre stort sett grå og ved hotellet var det mykje vind. På tysdag tok vi oss ein joggetur på stranda, som ikkje blei så lang sidan vi ikkje er vand med barfotjogging, før vi tok oss ei lita symjerunde. Etter ein god dusj gjekk vi til ei deilig massasje.

På onsdag tok vi turen til hovudstaden på Fiji, Suva. Denne byen er ikkje noko eg vil anbefale. Vi har eit inntrykk av at dei fleste frå Fiji er hyggelig og hjelpsam. Vi har lest at ein skal passe seg litt i dei store byane så når vi møtte på ein litt overhyggelig Fiji-mann rett etter vi gjekk av bussen skjønte vi at det var noko muffins. Han handhilste og styrte på, så spurte han kva vi var ute etter å kjøpe. Vi svarte som sant var at vi kun ville sjekke ut byen og at vi ikkje skulle kjøpe noko (ikkje har vi plass i bagasjen heller). Han ville likevel vise oss kvar dei beste handleplassane var og tok oss med på ein liten gåtur. Då han skulle ha oss med inn på ein bestemt butikk sa vi blank nei. I det han snur og forlét oss kjem der ein ny Fiji-mann som seier at vi må passe oss for selgarane. Litt etter møter vi ein tredje Fiji-mann som hadde sett oss saman med den første og ber oss om å halde oss langt unna. Etter å ha godsnakka lenge med oss viser han stolt fram ei tremaske (typisk Fiji suvenir) og vi måtte fint takke nei igjen (slik får ein vel ikkje med seg inn til Australia heller?). Forskjellen frå desse Fiji-mannane og dei andre Fiji-folka vi har møtt er at dei hadde mykje meir kontroll på kvar Noreg var og dei kunne snakke både fransk og kinesisk.

  Sidan vi ikkje hadde peiling på kvar vi skulle gå for å finne lunsj leita vi fram den trygge lonely planet-boka. Denne foreslo blant anna denne plassen: The old Mill Cottage cafe. Eg trur aldri eg hadde turt meg inn om den ikkje hadde stått anbefalt i boka (eg hadde nok ikkje lagt merke til den ein gong), men eg er glad for at vi gjekk inn. Der er to "hytter", ei til frukost og ei til lunsj.

Når vi kom inn visste vi ikkje heilt kva dei hadde på menuen og korleis systemet fungerte. Vi prøvde å sjå på dei forran i køa, men blei lite kloke av det. Dama bak disken såg nok at eg var litt i stuss, så ho spurte likeså gjerne om eg ville ha 'indian bread'. Sidan det har vist seg å alltid vere nydelig godt sa eg ja. Då ho spurte kva eg ville ha sa eg at ho kunne ta det som var best. Vi endte opp med lam, gresskarstappe, agurksalat og litt anna. Veldig godt.

Vi såg lite andre turistar i Suva så vi følte oss veldig beglodd og drosjene som kjørte forbi fløyta og ville at vi skulle betale dei for å kjøre oss rundt i byen, men vi ville så klart rusle rundt for oss sjølv.

Denne dagen blei også avslutta med massasje. Denne gongen ei tropical massage som viste seg å vere full body. Dette var utrulig godt etter ei litt tung styrkeøkt.

I går kom vi tilbake til Brisbane og tok inn på Annie's Inn, der vi også budde dei første nettene vi hadde i Brisbane i februar (Dei første dagane i Brisbane + leilighetsjakt del 1). Etter å ha fått eit rom tok vi turen ned til byen der vi kjøpte vår siste Grill'd-burger (Skulen - University of Queensland)... for denne gong.

I dag har vi skifta til hotell og bur på Sofitel Hotel. Dette er eit flott luksushotell som ligg veldig nært byen. Etter nokre ærend og ei treningsøkt (i toppetasja) gjekk vi ut på George's Paragon Seafood Restaurant for ein fiskemiddag som diverre ikkje heilt hold mål etter å ha fått nokre nydelige fiskerettar både på Viwa (Frå ullundertøy, hue og hanskar til solbriller og badekle) og Stewart Island (Skog og mark).

 Kan ikkje klage på utsikta frå hotellrommet. Vi glømte kamera då vi trente så eg har ikkje bileter frå det, men der var vi over 10 etg høgare opp og fekk naturligvis enda bedre utsikt. Det er for øvrig Adelade St. som går der nede.

Etter vi kom tilbake til hotellet har Egil hatt litt problemer med magen, som vi håper ordner seg til vi starter på heimreisa i morga. Søndagsmorgon set vi beina på norsk grunn for fyrste gong på over fem månadar. Snakkast då!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar