27. juni 2012

Snø i juni

Då har vi ankomt sørøya og funne snøen. Det var litt rart å gå av flyet og møte et snødekt landskap i juni, men det viser vel berre at vi er nordmenn! Etter å ha funne leigebilen og fått kurs i å feste kjetting på dekka starta kjøreturen. Vi valde å ikkje bruke peng på GPS så no er eg offisielt kartleser og det har gått bra så langt. Langskapet er flott og til tider minner det om Noreg, men ofte er det også veldig ulikt. Vi har prøvd å tatt nokre bileter undervegs men det er veldig vanskelig å fange dei fantastiske områda. Etter tre-fire timers kjøretur i mellom fjell og dalar og langs store vingårdsområder i alt slags vêr, kom vi fram til Dunedin der det var tid for sjokoladetur i Cadbury World sin fabrikk. Det som overraska oss var at det var mykje som blei pakka for hand av flittige arbeidarar. Dei hadde allereie starta produksjonen av påskeegg til neste år sidan påskeveka er den veka der kiwiane et mest sjokolade. Vi fekk ein god del sjokolade undervegs som vi fekk ta med heim. Vi fekk også smake på sjokolade som kom rett ut av oppbevaringstankane deira der den held ein temperatur på 45 grader. Å det var så klart kjempe godt!


 Dette bilete representerer godt det landskapet vi har sett i dag; snø- og ikkjesnø-dekte landskap om kvarandre. Vi har ofte sett snø i bakgrunnen og fjell utan snø forran.

Godt nøgd med dagens fangst.

Vi hadde tenkt oss ut ein plass å bo, men der var det fullt. Vi kjørte til eit B&B som eg fann i ei av dei sjukt mange brosjyrene eg har fanga opp på turen i dag. Her har vi det veldig koslig med eit stort og fint rom med stort bad. Vi har også tilgang til eit lite kjøkken som vi deler med eit anna rom (som forøvrig står tomt). Fellesrommet har ein koslig peis der står mange filmar, og kva er vel ikkje meir perfekt enn å sette på Ringenes Herre? Vi tok med film nr. 1 tilbake til rommet for å sjå den før det blir natt. Alle filmane er faktisk i VHS-form! Det er lenge sidan. Når vi skulle starte den tok det litt tid før vi skjønte at vi måtte spole den tilbake for å få den til i virke. Haha. Koslig.

Nøgd med rommet.

Koslig fellesrom.
Til middag i dag fekk vi anbefalt ein italiensk restaurant der vi bestilte ein mixed plate med pastarettar (som var perfekt al dente) og ein nydelig cabernet merlot. Dette var ein koslig restaurant med fyr i peisen og fin italiensk musikk.

Vi hadde eigentlig planlagt ein fjelltur i morga, men her er utrulig kald vind og det er meldt ein god del nedbør så vi har bestemt oss for å få søve litt lenger enn tidligare dagar for å få tatt igjen litt før vi skal sjekke ut eit par ting her i Dunedin (og kanskje få kjøpt oss ullstilongs!). Før det blir kveld har vi planlagt å starte kjøreturen sørover mot Stewart Island som vi forhåpentligvis skal besøke på fredag.

Snakkast!

2 kommentarer:

  1. What..? "Lord of the Rings" ? Finally!! :)

    SvarSlett
    Svar
    1. I know!! Ein tur til New Zealand var visst alt som skulle til! Skal tru om det blir like artig å sjå dei heime i Noreg. I kveld er det tid for 'the two towers'. 3eren må vi ta når vi kjøm heim :)

      Slett