1. februar 2012

For ein herleg gjeng!

Då har siste kvelden før avreise kome og dei siste dagane har gått med til å ta farvel både her og der. Helga gjekk med til å seie "ha det bra" til dei heime i Brattvåg, medan dagane i Trondheim har gått med på å ordne det siste på skulen, samtidig som vi har fått sett litt av "Trondheimsfolket" igjen.

I går kveld fekk eg besøk av ein heil gjeng og vi hadde kosekveld med "jenteprat" og kaker.







 Monique hadde baka muffins med sjokolade og Solveig fiksa "red velvet cake" (som ikkje var raud fordi ho ikkje hadde nok konditorfarge, men god var den!)



 Vi fekk tatt "lagbilete" av den herlege gjengen som hadde anledning til å kome på besøk. Vi skal forresten prøve og unngå så oppstilte bileter i framtida. Vi ber om orsak for dette. Vi ber også om orsak for at det ser ut som Monique har fått horn (strikkelampa mi kom i vegen).

 
 Dagen i dag har gått fort, men i tillegg til å sykle rundt i byen for å utføre dei siste besøka, har vi heldigvis fått lagt fram det meste som skal bli pakka.

 







  Eg var innom skulen ein tur for å ta ein siste prat med masterveileiaren min før avreise, sidan eg skal byrje på masteremner i Australia. Eg fekk også tatt ein siste farvel med nokre av jentene når eg var der.


Litt seinare på dagen gjekk turen vidare til Ingunn, som spanderte middag på meg. Vi laga fyllte paprika og konkluderte med at vi måtte gjenta suksessen neste gong begge er i Trondheim.






 Resultatet av kokkeleringa vår, etter at eg hadde ete litt av det (eg var så svolten at eg gløymde av å ta bilete før eg byrja å ete).











 Ingunn og meg halvveis ned i kaffekoppen og nokre sjokoladebitar mettare. Sidan Aleksander måtte ta bilete fekk han diverre ikkje bli med...


Før vi avslutta dagen tok vi turen til Solveig og Henning, der vi fekk kaffe og kanelsnurrar. Nam!






 Dei hadde fyrt opp i peisen til vi kom, slik at der var varmt og godt. Det var deilig etter å ha rusla bort i -13 grader.


















 Sidan vi skal feire 17. mai i Brisbane har vi så klart skaffa oss norske flagg. Vi fekk eit med Marte i går, og i dag fekk vi eit med Solveig og Henning. Hurra!




No står siste pakkinga igjen før vi tar kveld. Heldigvis er alt lagt fram og det einaste som gjenstår er å pakke det i sekk/koffert. Siste innspurt før avreise! 

For observante lesarar kan dykk sjå at vi har lagt om til nynorsk sidan sist.. Dette har skjedd etter nokre forståelege reaksjonar på bokmål i det forrige innlegget. Det kan hende vi blir som nrk; litt nynorsk og litt bokmål. Kva skriftspråk tykkjer du at vi skal bruke?

6 kommentarer:

  1. Ikkje tvil: Blei ein innmari kul blogg på nynorsk, så kan de heller vere litt liberale i språket;)
    Gleder meg til å følge med på bloggen!

    SvarSlett
  2. skriv dialekt sønst no ej... :p

    SvarSlett
  3. Det e vel ikkje lenge før det gjeng på engelsk og norsk, engelsk og norsk...

    SvarSlett