27. februar 2012

Nokre dagar med litt kjedeleg vêr...

Torsdag kom det dårlige vêret som var meldt, med regn og litt kjøligare temperaturar. Fredag og laurdag var det varmare, men fortsatt regn. Vi har derfor hatt litt innedagar med baking og rydding/vasking. Og i dag fekk vi tatt oss ei etterlengta styrkeøkt. Vi har fortsatt ikkje meldt oss inn i noko treningssenter, men vi hadde eit gratis eindags-pass på eit treningssenter rett rundt hjørnet frå leiligheta som vi utnytta i dag. Neste veke er det "Come-N-Try week" på treningssenteret på skulen, så då skal eg prøve det før vi bestemmer oss for kor vi vil melde oss inn.

Etter treninga var vêret ganske bra og vi var ein snartur innom leiligheta før vi tok turen til Kangaroo Point for å grille saman med gjengen frå ANSA Brisbane (Association of Norwegian Students Abroad). Dei har fadderveke den komande veka og innleda den med grilling i dag. Vi fekk ganske fint vêr og utnytta dei gratis elektriske grillane som er plassert i parken.

Det var mange norske studentar som tok turen til Kangaroo Point i dag, oppe på klippene med utsikt over byen. Bildet viser kun nokre av dei som var der.















Vi grilla litt kjøtt og kvar si biffpølse. Tidligare på dagen bakte eg pølsebrød som faktisk blei veldig god. (Ikkje all denne maten er våra)



På fredag var vi på kino, der vi såg Contraband.












Klar for film, med både popcorn og brus.



Det var ein Vmax-kino;

"Vmax is maximum impact. 

Bigger Seats, Bigger Screen, Bigger Sound, BIGGER EXPERIENCE!

Vmax offers customers a big screen, maximum impact, high quality movie experience. The seats have been exclusively designed to provide additional comfort through extra seat space, contoured high backs, tables and double the amount of leg room." (info frå http://www.eventcinemas.com.au/What-Is-Vmax)

Salen var enorm med ein ganske stor skjerm og filmen var ein bra "kinofilm" med mykje spenning.


Det er ganske lite som har skjedd ellers, men no har vi begynt å sjå på litt ulike utfluker som vi har lyst til å ta i løpet av dei neste vekene/månadane. Det gleder vi oss til.

I morga begynner skulen med forelesninger så i kveld blir det tidlig i seng. Snakkast!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar