12. februar 2012

x = 3! Leilighetsjakt del 3 av 3




Då var leilighet i boks, i Chinatown! 

Vi fekk telefon på torsdag om at søknaden var akkseptert og at vi kunne komme å signere kontrakta. Vi avtalte å kome inn for ei andre visning dagen etter for å vere sikker på at vi ville ha leiligheta. Det ville vi, så da var det berre å betale dipositum (som tilsvarer fire veke leige) og dei to første vekene med leige. Vi fekk nøklane og det var klart for innflytting.










Det einaste som mangla i leiligheta var sengkle og handdukar, så vi bestemte oss for å ta turen til ikea. Her handla vi inn litt diverse ting som vi følte at vi kjem til å ha bruk for.



For andre som er i Brisbane og har lyst å ta seg ein tur til ikea, så må du hoppe på buss 555 frå sentrum (Elisabeth street), som går omtrent kvart 10-15 minutt. Ta den til Springwood Bus Station, og ta 572 vidare til du ser ikea. Denne bussen går også ganske ofte.

Seinare på dagen satte vi i gang nedvasken av leiligheta, slik at den var klar for innflytting i dag.

På fredag, når vi hadde skrive under på kontrakta og tatt over leiligheta, gjekk vi ut for å feire. Og denne restauranten er absolutt verdt eit besøk!







Hit gjekk vi for å feire lelighet. Dei har fleire restaurantar rundt om i Australia.


Dei hadde stort sett biff på menyen, men av ulikt slag.












Vi starta med kvar si øl og toasta kvitløks- og urtebrød til forrett.




















Kosa oss.












Til hovudrett bestilte vi kvar sin biff og eit glas raudvin. Biffen var grilla og heilt fantastisk god.

 

  Egil (til venstre) bestilte biff med ostesaus, salsa og jalapeño. Eg bestilte med avocado og krydra bearnaisesaus.

No har vi nettopp sjekka ut av Aussie Way og skal flytte inn i leiligheta vår. Der får vi mest sannsynlig kopla opp internett i morga, mandag. Etterkvart som vi kjem i orden skal vi så klart legge ut bilete av leiligheta. Snakkast!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar