Sidan vi gjekk oss på eit marked forrige onsdag har vi sjekka ut at markedet er kvar onsdag, så no som vi har litt lagringsplass tok vi turen til markedet for å handle inn frukt og grønt.
Dette var det vi handla: kiwi, gulrot, mango (som vi trur og håper er honningmango), lime, sitron, eple og -passjonsfruktjuice, tomat, avocado, jordbær, plomme, eple og litchi.
Prisane på markedet varierer veldig og sjølv om noko er billegare enn på dagligvarebutikken, er noko også dyrare.
Vi har også funne ut at der er marked på laurdag og søndag i tillegg, så dei skal vi prøve å sjekke ut til helga.
Etter markedet stoppa vi innom butikken for å handle litt fersk fisk til middag. Vi visste ikkje heilt kva vi hadde lyst på, men ein fisk som heitte "Barramundi" såg fristande ut, så vi kjøpte den. Det blei ein god middag, saman med potetmos, gulrot, avocado og rømme. Nokon som veit kva fisk det er?
Til dessert fiksa vi så klart litt frukt og vaniljeis.
Egil var nøgd med dessertvalget for dagen.
Snakkast!
barramundi e en abbortype :) thank you animal planet ;) abbor e veldig godt! bra dåkker kjøpe litt anna mat også, så det ikke bare blir frukt :P .solveig
SvarSlettAaa. Takk! Litt greit å vite. Ja, det var veldig godt!
SvarSlettDet har blitt ein del frukt, så litt middagsmat gjer seg innimellom. Pizzaen stend faktisk i ovnen "as we speak". Nam!
haha! like at "tullespråket" engelsk settees i hermetegn :P .solveig
SvarSlett