3. februar 2012

Total reisetid: 30 timar

Vi er framme! Etter nesten halvanna døgn på reisefot har vi no fått sjekka inn på eit lite og veldig koslig b&b, med utrulig hyggelege eigarar.


  
Reisa starta i Trondheim onsdag ettermiddag. Gradestokken viste -13 grader og det var ein smule kaldt når vi venta på bussen, kledd for Australsk vinter (som kjem rundt juni).

Turen gjekk først til Oslo, der vi hadde to timar før reisa skulle byrje på ordentlig. Vi hadde booka reise med Finnair heile vegen, frå Oslo til Brisbane. Det fyrste flyet brukte ca 1,5 time til Helsinki, der vi hadde to nye timar å fylle. Sidan der var gratis internettilgang gjekk tida fort. Vi hadde då flytta oss ein time fram i tid, frå GMT +1 til GMT +2.


Neste fly gjekk til Singapore. Dette var den lengste flyturen og varte i nesten 12 timar. Vi fekk middag før vi tok natt og frukost då vi vokna. Begge fekk søve overraskande mykje og vi var difor utkvilt då vi ankom Singapore. No hadde vi flytta oss seks timar fram i tid, frå GMT +2 til GMT +8.

 

I Singapore hadde vi nesten fire timar, som blei brukt til lesing og inntak av medbrakt lunsj. Denne smurte vi av restar frå kjøleskapet heime i Trondheim.


Neste fly var det siste, for denne gong. Dette tok ca åtte timar. Her fekk ingen av oss søve, så det blir spennande å sjå om vi klarer og holde oss våken heile dagen i dag. Vi ankom Brisbane 0700, lokal tid. To timar forran Singapore, GMT +10. Totalt sett ligg vi altså ni timer forran Noreg.
Det var lang kø for å kome seg gjennom pass- og visumkontroll, og vi brukte nesten ein time der. Etter at bagasjen var henta gjekk vi gjennom narkotikakontroll, før vi kunne hoppe i ei drosje som kjørte oss til Annie Sheldon's Inn.

No har begge dusja og er klar for ein tur ut for å skaffe australsk telefonnummer, samt starte leilighetsjakta. Ønsk oss lukke åt!


Håper alt står bra til med dykk heime.

3 kommentarer:

  1. Kjenne ej blir småtrøtt på dokka vegne, men anna enn det høres det kjempeflott ut. Happy første dag på nytt kontinent :)

    SvarSlett
  2. Kjekt å lese. Håpe du oppdatera med tekst og bilde jamnt og trutt, ikkje nåkke blogg-flopp, takk:)Det høres slitsomt og spennende ut. Håpe at alt gjeng bra og at dåkke finn en fin plass å bo...og at Egil he lært å surfe til ej kjem nedover...eller bortover..nei, down under, må ver nedover da, ja :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Vi håper så klart at vi klarer å holde bloggen oppdatert. Skal prøve så godt vi kan!
      Trur nok Egil har lært seg og surfe til då, kanskje eg også?

      Slett