9. februar 2012

Leilighetsjakt del 2 av x

Vi er fortsatt på leilighetsjakt. Kvar dag sidan fredag har vi vore på fleire visninger daglig. I går, onsdag, var vi på fire visninger og la inn søknad på ei av dei. Den eine viste seg å være MYKJE mindre enn antatt, ei var svært gammal, dårlig møblert og hadde litt dårlig plassering og den siste var ikkje ledig før seint i mars. Annonsa sa den skulle vere ledig frå 7. februar, men den det var vist til i annonsa var visst allereie utleidg.

Men vi har ikkje mista håpet! Vi har tre søknadar inne, som vi ventar svar på i løpet av dagen. Dei er nokså ulik i at dei har kvar sine plasseringar i byen, og ligg i litt ulike prisklasser. Uannsett er vi nøgd om vi får ei av dei. Om ikkje, har vi tre nye visninger i dag, og om vi er heldig oppfyller nokre av dei krava våre og vi kan legge inn ein søknad. Søknadsprosessen er ganske omstendig. No har ingen av oss leigd leilighet tidligare, men her er det i alle fall slik at du må legge ved minst 100 poeng i form av dokumentasjon på at du er den du utgir deg for å vere. Ei liste spesifiserer kva som skal til for å oppnå 100 poeng. Ofte må ein ha både pass, sertifikat og eit slags bevis til, som til dømes ei regning, utskrift frå banken eller liknande.

Sidan sist har vi flytta på oss. Vi søkte litt på nett og fann eit backpacker hostell med namn ”Aussie Way Backpacker”. Her er det litt billegare å bo enn på Annie’s.









 Sidan vi ikkje får frukost her har vi kjøpt inn litt brødmat sjølv. Frokosten i går. Her er også kjøkken som kan bruke, slik at vi kan lage vår egen lunsj og middag.


Dei siste dagane har altså gått med til å flytte seg rundt om i byen for å gå på visning. Dette har gjort oss til mykje flinkare brukarar av kollektivtrafikken.





 På tirsdag fekk vi tid til å stikke innom skulen igjen, for å fikse studentkort. Og då kunne eg endelig skaffe meg "concession"kort til kollektivtransporten.



Altså har eg ganske mykje billegare bruk enn for eksempel Egil. Om vi bruker go card (kort som gir billegare kollektivtransport) ti gongar på ei veke er resten av veka gratis. Dette vil vi nok ta nytte av denne veka, då vi reiser mykje fram og tilbake. Go card kan vi bruke både på buss, tog, city ferry og city cat.


 Dei to sistnemnte er båtar som kjører i elva som går gjennom byen. Det er ganske genialt at denne går til og frå den eine campusen som eg skal gå på, St. Lucia.
















Etter eine visninga i dag hoppa vi på ein slik båt tilbake til byen.


Når vi kom inn igjen til byen gjekk vi oss på eit marked. Her hadde dei mykje forskjellig mat; nøtter, frukt og grønt, lunsjmat, sjokolade…












Krydder.


 














Grønnsaker.


Vi endte opp med litt mango, lichi og nektarinar.

No må vi hoppe på bussen for å komme oss av gårde til visningane i dag. Snakkast!

2 kommentarer:

  1. Mmm...lichi:) Lite tid for tant og fjas enda skjønna ej, men dåkke bli sikkert godt kjent i byen. Bli deilig da når dåkke fer nyte en dag på stranda etter kvart..

    SvarSlett
  2. Lichien var utrulig god! Dei var plukka dagen før, ved "the golden coast". Satsar på å kjøpe meir neste gong.
    Neste veke får vi nok meir tid til tant og fjas, og slappe av på stranda. Det ser vi fram til.

    SvarSlett