Etter å ha brukt heile helga, og litt til, på å vaske leilighet bestemte vi oss for å ta oss ein fridag i går, tysdag. Etter ein god frukost og litt tv-sjåing gjekk turen til stranda.
Her i Brisbane har dei laga ei strand og ei -promenade langs elva. Dei har fyllt opp med sand, vatn og livvaktene står klar om noko skulle skje.
Vi tok turen på søndag for å sjå korleis det såg ut, og då var det stappa fullt med folk.
I går var det litt roligare og vi la oss ned for å stappe av.
Etter eit par tima i sola la vi på svøm for å kjøle oss ned. Etter at sola hadde tørka oss, bestemte vi oss for at det var nok for den nokså lyse huda vår så då tok vi oss ein liten tur til byen før vi drog heim.
Då vi kom heim oppdaga vi at tre timar i sola, med solfaktor 30, var for mykje for den norske huda vår og begge var litt brent. Dette gjer at vi har innedag i dag, og endelig har pakka oss ut av sekkane. Men sidan vi ikkje har fått innreda kleshylla heilt slik vi vil enda må vi ein tur til byen i dag også for å bli heilt ferdig med utpakkinga.
På grunn av leilighetsjakt og flytting har det blitt mykje take away middag på oss desse dagane, men no når vi har flytta har vi endelig fått begynt å lage middag sjølv. Take away er så klart fint innimellom, på late dagar, vertfall når det ikkje er altfor dyrt. Men begge syns det beste er å lage middag sjølv. På denne måten har vi full kontroll over alle ingrediensane og smakane.
I går laga vi lammegryte med fullkornsris. I bakgrunnen er det mulig å skimte alt rotet vi i dag har brukt litt tid på å rydde vekk.
Har du lyst å prøve å lage denne middagen? Noko vi anbefalar, sidan det smakte heilt utrulig godt! Du må ha litt tid, sidan det skal småkoke i tilsaman ca 1,5 - 2 timar.
Du treng, til to personer:
Lammekjøtt
1 boks hakka tomata
1 boks tomatbønner (gjerne med chilli)
2 dl vatn
1 ts garam masala (krydder)
1 ts spisskummen
1/2 ts chillikrydder
1 lauk
1-2 fedd kvitlauk
1/2 squash
1/2 paprika
Det første du må gjere er å brune lammekjøttet i olje. Tilsett så lauk (vi brukte raudlauk) og kvitlauk. Krydre alt dette før du tilsett tomat og vatn. La dette stå å småkoke i ca ein time. Tilsett squash, paprika og boksa med bønner. La dette stå til du syns gryta har passelig konsistens.
Hugs også å koke ris om du vil ha det. Vi hadde "sour cream" ved sida av, men creme fraise hadde sikkert vore enda bedre. Ein grøn salat gjer seg også.
Bileter av leiligheta kjem så fort vi har fått rydda vekk alle kle som no ligg litt rundt omkring. Snakkast!
Gleder mej til å sjå bilder! Ser ut som en herlig by å bo i hvert fall;)
SvarSlett