Dagane med mykje trasking har gått hardt ut over beina. Gnagsår på lilletåa på begge føtene.
Døgnet er så godt som snudd, men vi legg oss ganske tidlig og står opp deretter. Men sidan frukosten er relativt tidlig er dette greit. Vi har også mykje å gjere om dagane, så det er heilt greit å kome seg opp.
Fredag var vi innom den eine campusen til skulen eg skal gå på, St. Lucia på University of Queensland. Flott område med mange bygninger. Vi fekk litt hjelp der til boligsøkeprosessen, og eg fann ut at eg må tilbake på måndag for å skaffe meg ID-kort (fekk ikkje gjort dette på fredag sidan eg måtte ha studentnummeret mitt, som eg ikkje har i hovudet. Klarte heller ikkje å logge på internett for å finne det, sidan eg måtte ha det for å logge på PC).
I går, laurdag, var vi på to visninger nokså nærme skulen. Den eine viste seg og vere umøblert, så den var ikkje aktuell. Den andre var veldig fin, men veldig lita. Vi har konkludert med at vi ikkje søkjer på den sidan vi måtte fikse både internett og straum sjølv. Den viste seg i tillegg å vere delvis møblert, og ikkje fullt møblert som det stod i annonsa.
Den visninga vi var på i dag derimot, kjem vi nok mest sannsynlig til å søkje på. Den har grei pris, ligg fint til og var fullt møblert. Den hadde ikkje internett, men han som budde der tidligare ordna seg med mobilt breiband, så det tenkjer vi å sjekke ut litt prisar på.
Ved å gå litt rundt har vi funnet ulike dagligvarebutikkar, og sett på litt prisar. Det vi ser så langt er at fruktprisen er veldig lik heime, medan brus og nøtter er dyrt.
Lunsjen i dag åt vi "heime". Vi kjøpte litt frukt og fann nøtter til rimlig pris, utan vegetabilsk olje (jippi!), og kjøpte ei "bøtte" med yogurt. Så kosa vi oss ute på verandaen i det fine véret.
Dessert hører jo sjølvsagt med. Vi er jo tross alt på ferie. Det blei gode kjeks, også utan vegetabilsk olje, og ein kopp kaffi.
Plassen vi bur på har alltid kaffe og te ståande slik at gjestane kan forsyne seg.
Annie's Inn i Spring Hill. Rommet vi bur på er vist til høgre.
Folka så langt oppfyller forvetningane. Dei er super hyggeleg. Då vi var ute å jogga i dagtidlig (må få skryte litt av at vi faktisk har fått trimma litt) og syklista kom bak oss, ringte syklistane i bjella og takka oss om vi flytta oss ut i sida og slapp dei forbi. Første gong tenkte eg at dette var ein hyggeleg mann, men etter jogge- og spaserturen i dag viser det seg at dette er heilt vanlig. Uvant frå heime der syklistane heller blir irritert om folk ikkje flyttar seg (eg skal prøve å ta dette til etterretning). Også bussjåføren i dag var veldig hyggeleg. Etter å ha brukt ti minutt på å forklare ein mann kva buss han måtte ta, kjørte han eit lite stykke fram for å spør ein gjeng jenter kvar dei hadde tenkt seg. Han brukte då nye fem minutt på å hjelpe dei før vi kunne starte turen ut av byen. Då ropte han bak i bussen: "I am sorry for the wait, guys!". Koslig.
Etter visninga i dag brukte vi to nye timar på å søkje etter leiligheter. Etter det var vi enig om at vi kunne få koble av med nokre timar i parken med litt lesestoff. Dette var ganske varmt, men når litt skyer kom fram og dekte sola var det nokså deilig.
I parken der vi jogga tidlegare i dag, og der vi sola oss litt, er der mange ulike planter og dyr. Ein fugl var nokså nærgåande då vi låg og las, så vi måtte ta med eit bilete (mest for Solveig si skyld sidan ho alltid blir så glad når ho ser fuglar heime. Ofte når vi går heim frå skule eller trening.).
I morgon, måndag, har vi to nye visninger, i tillegg til at vi planlegg å besøke litt ulike eigedomsmeglarkontor rundt om i byen. Kryss fingrane for oss!
Tusen takk for fuglebilde :D sett stor pris på det! kanskje æ må begynne med artsbestemming av Australsk fauna..? ;)
SvarSlettHåpe dåkker finn ei bra leilighet snart! Ser ut som dåkker kose dåkker :) klæm solveig!
Eg har iallefall ikkje tenkt å begynne å artsbestemme australsk fauna. Men viss du må kome hit for å gjere det, så gjerne for oss. Klem
SlettHar du undersøkt det noko meir? Eg var på ei "getting started"-forelesning i går og då fortalte dei at denne fuglen blir kalla "ibis":
Sletthttp://en.wikipedia.org/wiki/Australian_White_Ibis
Flinke bloggera!! Ser kjempestas ut. Ikkje nokke sjalu på park-livet i d heile tida. Men vannblemma e jo et bevis på at verden ikkje e fullstendig urettferdig ;) Kos dokke. D e velfortjent ;)
SvarSlettHahaha. Takk for det.
SvarSlett